Konsert – Fransk og italiensk musikk for fløyte og piano

Dato
Søndag, 06.04.2025 16.00 - 06.04.2025 17.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Konsert – Fransk og italiensk musikk for fløyte og piano

I eit samarbeid mellom UiT og Sunnfjord Kulturskule får fløytistar frå regionen delta i masterclass og ensemblespel under leiing av Lars Asbjørnsen. Konserten markerer slutten på denne inspirasjonshelga og er open for alle kulturinteresserte.

Publikum kan glede seg til vakker og sjeldan musikk frå Italia og Frankrike, framført av dyktige musikarar:

Medverkande:

  • Lars Asbjørnsen – Professor i fløyte ved UiT
  • Noemi Utasi – Distriktsmusikar i Sunnfjord, piano
  • Gjestar:
    • Helga Lied Wyrtz – Distriktsmusikar i Sunnfjord, fløyte
    • Masterclass-ensemblet

Dato: 6. april
Tid: 16.00
Stad: Nordsalen, Sunnfjord Kulturskule
Entré: 50 kr for vaksne, barn under 18 år gratis

Lars Asbjørnsen er tilsett ved UiT Norges arktiske universitet i Tromsø og har, etter fleire tiår på kontinentet, stor glede av å vere ein del av det kulturelle tannhjulet i Nord-regionen og landet elles. Som mangeårig leiar for Norsk Fløyteforum hadde han mellom anna ansvar for å arrangere fleire av dei nasjonale fløytefestivalane, og han er ofte jurymedlem i internasjonale konkurransar.

Velkomen til ein flott konsertoppleving!


Lærarar