Kulturskulen følgjer skuleruta til grunnskulen og har eit hovudopptak i året. Vi tar elles opp elevar gjennom heile året så snart det er ledig plass på eit tilbod. Les vidare om prosedyrar for elevopptak:
Prosedyrar for elevopptak i kulturskulen:
- Hovudopptaket vert gjennomført i august kvart år.
- Rektor har ansvar for opptaket.
- Søkjaren skal få skriftleg tilbakemelding seinast 1. september.
- Søkjarar som ikkje får plass ved hovudopptaket vert sett på venteliste.
- Søkjarar på venteliste får tilbod om plass når det vert ledige plassar. Prioriteringa skjer etter ansiennitet på ventelista og alder.
- Søkjarar med spesielle behov og søkjarar med ansiennitet frå andre kulturskular kan prioriterast etter søknad.
- Søknaden er bindande ved opptak. Utmelding må skje skriftleg til administrasjonen med frist 15.11 for vårsemesteret og 15.5 for haustsemesteret.
- Søkjarar som får tildelt plass får skriftleg informasjon om fast tidspunkt og plass for undervisninga, tid for første oppmøte og namn og telefonnummer til læraren.
Eleven kan bli fotografert/filma til bruk på websider/ brosjyre.
Når nokre av våre lærarar er fråværande gjer vi kva vi kan for å skaffe ein kvalifisert vikar slik at undervisninga går som den skal. Vi klarer ikkje alltid å finne vikar og må avlyse undervisninga. Melding om avlyst undervisning vert sendt ut per sms til det mobilnummer som vi har registrert i vår database. Kulturskulen kan avlyse 2 undervisningsdagar per fag og semester. Vert det fleire avlysingar i løpet av eit skuleår kan vi gje kompensasjon på 2 ulike måter:
- Vi lager eit opplegg som tar igjen avlyst undervisning.
- Vi gir reduksjon i elevpengane.
Dette vert ikkje gjort dei to første avlysingane.
Sist endra 18.06.2020 11.04