Fordjuping

Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, som er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler, Kinn, Askvoll, Hyllestad eller Solund kommunar. 

Fordjuping - musikk

Tilbodet har inntil 20 elevplassar og undervisninga går føre seg i eit inspirerande fagleg og sosialt fellesskap.
 Vi startar tilbodet hausten 2023 og legg opp til undervisning 3 laurdagar frå kl. 11-17. Kva laurdagar det vert, sender vi ut etter opptaksprøven. Dei første samlingane vil gå føre seg på Sunnfjord kulturskule i Førde.

Har du lyst å søkje? Då gjer du slik:

  • Påmeldingsfrist: 20 april
  • Fyll ut påmeldingsskjemaet
  • I skjemaet blir du bedt om å skrive nokre linjer om kven du er, kva læraren din heiter og din motivasjon for å delta på tilbodet
  • Lag ein video med 1-2 låtar og legg ved søknadsskjemaet(opptak på mobil går fint)
  • Etter innsendt påmelding kontaktar vi deg og dine føresette for å avtale intervju (ev. digitalt). Dette for å bli kjent med deg

Elevane vil få undervisning av ulike profesjonelle musikarar innanfor deira spesialfelt - rytmisk, klassisk, folkemusikk, pop, jazz, korps eller anna.

Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid mellom samlingane. 

Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av kjernetilbodet (det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din), og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidaregåande skule musikk, dans, drama, og/eller gå vidare til høgre utdanning i musikk. Ved å treffe andre som spelar på eit høgt nivå, blir ein inspirert og kan få vener med felles interesser.

Det kan bli aktuelt å flytte undervisningsstad, avhengig av kor elevane kjem frå og kva lærarkrefter som skal undervise.

Pris pr. semester kr. 500.

Fordjuping - visuelle kunstfag


Søknadsfrist for vårsemesteret var 10. desember

Tilbudet har 8-10 elevplassar og undervisninga går føre seg i eit inspirerande fagleg og sosialt fellesskap.

Samlingshelger for vårsemesteret:
laurdag 4.2 kl. 11-17, med Aud Marit Skarrebo Holmen, billedkunstner www.amsholmen.no
laurdag 4.3 kl. 11-17, med Aud Marit Skarrebo Holmen, billedkunstner
laurdag i april/mai, under planlegging, ikke avklart
laurdag i mai/juni, under planlegging, ikke avklart

Ved å treffe andre som skapar på eit høgt nivå, blir ein inspirert og ein kan få venner med felles interesser. Elevane får undervisning av ulike profesjonelle kunstnarar innanfor deira spesialfelt.
Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid mellom samlingane.
Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av kjernetilbodet (det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din), og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høyere utdanning innan faget. Fordypningselevar kan fortsette på fordyping, sjølv om dei kjem inn på KDA (Kunst, Design og Arkitektur) på vidaregåande.
Dei første samlingane vil vere i kunstsalen til Sunnfjord kulturskule, Førdehuset i Førde. Våren 2023 legg vi opp til undervisning 4 lørdager fra kl. 11-17 i Førde. Etterkvert kan det bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva vi skal jobbe med og med kva for kunstnarar.


Pris pr. semester kr. 500.

Velkomen som søkjar!

Lærarar