Borgarleg vigsel

Frå 1. januar 2018 tok kommunane over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg. 

Før de kan gifte dykk

Skatteetaten må sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før vigselen. Er begge norske statsborgarar kan de bruke den digitale innloggingstenesta for prøving av ekteskapsvilkår via skatteetaten.no

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og du må sende den til Sunnfjord kommune.

Bestille tid for vigsel

Det er tenestetorga i Sunnfjord kommune som administrerer vigselsordninga.

Bestill borgarleg vigsel

Du kan ta kontakt på telefon 57 72 20 00 om du har spørsmål angåande vigsel. 

Tid og stad for vigsel

Vi tilbyr vigsler alle yrkedagar i kontortida. Dei fleste vigslane blir gjennomført på fredagar, men vi har tilbod om nokre faste laurdagar i løpet av året. 

Kapasitet til vigsel er redusert i veke 28-30 grunna ferieavvikling.

Vigsel på laurdagar i 2024

  • 10. februar
  • 30. mars (laurdag før palmesøndag)
  • 11. mai
  • 8. juni
  • 6. juli
  • 17. august
  • 14. september 

Vigselen vil føregå i 4.etasje, i same bygg som Sogn og Fjordane tingrett og Norec held til. Adressa er Fjellvegen 9 og inngangen er på langveggen mot Esso. Døra er merka med Sunnfjord kommune vigselsrom. Vi aksepterer også vigslar på andre stader i området der køyretida er akseptabel. 

Pris 

Vigslar er gratis for alle, sjølv om brudepar er busett i andre kommunar. Ønsker de å legge seremonien til ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekke tilleggskostnader sjølv.

Korleis blir seremonien?

  • I seremonien les vigslaren opp Det borgarlege vigslingsformularet.
  • Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk om de ønsker det. 
  • Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar. 
  • Dersom de ikkje kan stille med eigne forlovarar / vitne, kan kommunen stille med eitt eller to vitner.
  • Ved laurdagsvigsel må de stille med minimum eitt vitne sjølv til seremonien.

Vigslar

Sunnfjord kommunestyre har gitt følgande personar mynde til å vigsle brudepar:

  • Inger Huus
  • Hilde Bjørkum
  • Bjørnar Karlsen

I tillegg har ordførar og varaordførar mynde til å vigsle brudepar.

Vigselsattest

Etter seremonien får de utlevert ein midlertidig vigselsattest av vigslar. Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Vigselsattest vil de motta frå Folkeregisteret per post i løpet av to til tre veker.

Lover og reglar

Sjå bilde av vigselsrommet

 

Bilde av vigselsrom  - Klikk for stort bilete

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no