Distriktsmusikarane

Distriktsmusikarane underviser i kulturskulen, held konsertar både på skular og i barnehagar og deltek på større konsertprosjekt i samarbeid med andre profesjonelle musikkaktørar samt frivillige musikkaktørar i fylket. 

Kva gjer dei?
 

Arbeidsoppgåvene til distriktsmusikarane omfattar hovudsakleg undervisning i kulturskulen i tillegg til utøvande konsertverksemd i ulike samanhengar, td. skulekonsertar i "Den kulturelle skulesekken" eller barnehagekonsertar. Distriktsmusikarane representerer også ein verdifull ressurs og spisskompetanse for musikklivet i fylket gjennom den avtalefesta fylkeskvoten der distriktsmusikarane skal stillast til rådvelde i inntil 10 dagar per semester for større konsertprosjekt som til dømes Opera Nordfjord, Sogn og Fjordane symfoniorkester og andree større prosjekt for det frivillige musikklivet.

Kven er dei?
 

Distriktsmusikarane i Sunnfjord

Distriktsmusikarane i Gloppen

Distriktsmusikarane i Sogn

Bakgrunn

I 1987 vart det etablert distriktsmusikargrupper i kommunane Gloppen, Høyanger og Sogndal med fire musikarar i kvar gruppe. Utgangspunktet for denne ordninga var eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Rikskonsertane og dei tre vertskommunane. I 1988 vart også Førde vertskommune for si distriktsmusikargruppe. I dag er Sunnfjord, Gloppen, Sogndal og Lærdal med i ordninga. Høyanger gjekk ut av ordninga i 2004. I 2006 fekk Sunnfjord to nye stillingar og Gloppen ein. I 2019 vart fylkesmusikarstillingane i Sogn og Fjordane fylke omgjort til kommunale distriktsmusikarstillingar. Sunnfjord fekk to stillingar medan Gloppen, Sogndal og Lærdal fekk kvar sin.

Fylkeskommunen si rolle

Fylkeskommunen yter 25 prosent tilskot til kvar av dei 20 distriktsmusikarstillingane, fordelt på Sunnfjord, Gloppen, Sogndal og Lærdal. Ei distriktsmusikarstilling består av 50 prosent utøving og 50 prosent undervisning. Tilskotet frå fylkeskommunen svarar til 50 prosent av utøvardelen av stillingane.

Kontaktinformasjon
 

Distriktsmusikarane i Sunnfjord

Kulturskulerektor Trude Skarvatun
trude.skarvatun@sunnfjord.kommune.no
57 61 28 10 / 41 50 59 70

Distriktsmusikarane i Gloppen

Kulturskulerektor John Rune Ødven
gloppen.kulturskule@gloppen.kommune.no
47 47 88 23 / 47 47 87 02

Distriktsmusikarane i Sogn

Kulturskulerektor
distriktsmusikarane@sognkulturskule.no
57 65 56 33 / 91 84 83 73

Artikkelliste