FAQ: Ofte stilte spørsmål Kulturskulen Har de ledige plassar? Ja, vi har fleire ledige plassar! Trykk her for oversikt. Kven kan bli elev i kulturskulen? Vi prioriterar born mellom 0-19 år som bur i Sunnfjord kommune. Er det ledige plassar tek vi opp vaksne eller born frå andre kommunar. Det er diverre ikkje muleg å gi plass til alle, spesielt ved fag som har venteliste. Sjå her for ei oversikt over ledige plassar Kan eg ha fleire plassar? Ja! Kva er søknadsfristen? Du kan søkje heile året. Ønsker du å starte samtidig som skulen byrjar på hausten så er det lurt å søkje før 15.5. Kva er aldersgrensa for å søkje? Du kan søkje så tidleg som du vil for å sikre deg plass når du blir gamal nok til tilbodet. Du finn tilbodet vårt sortert etter alder her Vi tek ikkje opp born før dei når aldersgrensa for faget. De står på ventelista inntil då. Har kulturskulen friplasser? Kulturskulen har nokre friplasser til familier med låg inntekt. Kontakt administrasjonen for meir informasjon Korleis er prosedyren ved søknad og opptak? Du søker digitalt på eit eller fleire fag. Vi godkjenner søknaden din og du får stadfesting om at du står på venteliste. Når det er plass for deg på faget du har søkt, får du opptaksbrev som innheld namn til læraren, undervisningsdag, -tid, og -stad samt kostnadar. Ynskjer du å takke ja til tilbodet? Berre møt opp til oppsatt tid og stad. Ynskjer du å takke ja til tilbodet, men dag eller klokkeslett passar ikkje? Ring læraren din! Nummeret står i opptaksbrevet. Som oftest er det mogleg å byte på dag eller klokkeslett. Vil du ikkje nytte deg av tilbodet likevel og er ny elev? Då kan du registrere utmelding online eller kontakte kulturskulen sitt kontor. Vi sender ikkje rekning før du har starta hos oss. Korleis tas elevar opp frå ventelistene? Hovedkriterium for opptak er søkedato. Opptak i løpet av året vil også avhenge av hva slags plassar som blir ledige og ev alder på dei ein er i gruppe med. Er det mogleg å leige instrument, og kva kostar det? Vi leiger ut nokre instrument. All informasjon om instrumentleige finn du her. Sist endra26.05.2020 09.33