-
Dato
-
Torsdag, 16.11.2023 19.00 - 16.11.2023 20.00
-
Stad
-
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen
16.11.2023
kl. 19
I BAGASJEN
Gamle adresser og musikalske visittkort
Dóra Dávid (fløyte, Sogndal) trer inn på podiet saman med distriktsmusikarane Noemi Utasi (piano) og Helga Lied Wyrtz (fløyte).
Tidleg i samarbeidet kom det opp at ein spesiell ting musikarane har til felles, er at dei alle har budd i minst tre forskjellige land. Dei har fått innsidekjennskap til musikalsk kulturarv, og har opplevd den glidande bana mellom ytterpunkta «framand» og «heimehøyrande». Ikkje minst har dei også ei rik samling musikalske minner og ankerpunkt, og denne bagasjen gler dei seg til å dele med publikum. Det vert musikk frå m.a. Belgia, Ungarn og Serbia. Lyse tider, såre tider, sakn og begeistring skildrast om kvarandre.
Dóra Dávid og Helga Lied Wyrtz, fløyte
Noemi Utasi, piano
Hausten 2023 inviterar distriktsmusikarane i Sunnfjord til nye og varierte produksjonar i konsertserien «Lyarscena».
Lyarscena har blitt eit fast innslag i kulturlivet i Førde, der dei 8 distriktsmusikarane i Sunnfjord lager eigne konsertar og opptrer med og utan gjester.
Det blir tre ulike konsertar fordelt utover hausten. Her finn du musikkopplevingar for einkvar smak.
05.10.2023
kl. 19
SLÅTTESPEL PÅ TREKKSPEL
Springar, halling, salmetonar og valsar – på store og små trekkspel
Tom Karlsrud og Ole Nilssen har spelt i lag i fleire år – og dette er deira første konsert som duo! Trekkspeltet har vore, og er eit mykje nytta instrument i tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane. Velkomne på konsert når to av våre fremste utøvarar skal boltre seg på scena.
Tom Karlsrud og Ole Nilssen, trekkspel
26.10.2023
kl. 19
LA SPERANZA
«Sorgen og gleden de vandrer til hope»
I arbeidet med denne konserten har musikarane laga ei bestemt og streng grense for seg sjølve; All musikken skal vere barokkmusikk. Publikummet kan vente seg heilt ukjende og overraskande verk i tillegg til nokre av dei kjende frå perioden.
Christine Marøy, song
Helga Lied Wyrtz, fløyte
Henri Eftevand, fiolin
Julia Gåsvær, trompet
Noemi Utasi, cembalo
Sanja Dukanac, cello
16.11.2023
kl. 19
I BAGASJEN
Gamle adresser og musikalske visittkort
Dóra Dávid (fløyte, Sogndal) trer inn på podiet saman med distriktsmusikarane Noemi Utasi (piano) og Helga Lied Wyrtz (fløyte).
Tidleg i samarbeidet kom det opp at ein spesiell ting musikarane har til felles, er at dei alle har budd i minst tre forskjellige land. Dei har fått innsidekjennskap til musikalsk kulturarv, og har opplevd den glidande bana mellom ytterpunkta «framand» og «heimehøyrande». Ikkje minst har dei også ei rik samling musikalske minner og ankerpunkt, og denne bagasjen gler dei seg til å dele med publikum. Det vert musikk frå m.a. Belgia, Ungarn og Serbia. Lyse tider, såre tider, sakn og begeistring skildrast om kvarandre.
Dóra Dávid og Helga Lied Wyrtz, fløyte
Noemi Utasi, piano
Billettpris:
Vaksne 150kr
Barn 50kr
Kulturskuleelevar 0kr
Billettsal: www.fordehuset.no
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)