Elevane til Sunnfjord kulturskule har fått tilbod om rabatterte billettar til denne fine førjulskonserten.
Bruk promokoden KULTURSKULE2020 for å få 25% rabatt.
Varmt velkomne til førjulskonsert! Vi står i ei annleis førjulstid - restriksjonar gjer det vanskeligare å møtast, og mange kjenner på einsemd. I slike tider får førjulskonsertane ein ny dimensjon, ein stad der ein kan møtast, på avstand og i trygge rammer, og få eit avbrekk frå verda utanfor. Vi vil skape lys og varme i form av noko av det beste den klassiske musikklitteraturen for fiolin og piano har å by på, og her vil ein få servert ei god blanding av både julemusikk og andre skattar!
Program:
Musikk av m.a. Beethoven, Bach, Grieg og Corelli
Utøvarar:
Miriam Bergset, fiolin
Iain Gibbs, fiolin
Andreas Løken Taklo, piano
BILLETTAR:
Ordinær: kr 200
Barn/honnør/student: kr 100
Av smittevernomsyn må billettar kjøpast på førehand via TicketCo.
Smittevern blir teke på største alvor, og med gjeldande restriksjonar tek lokalet kun 35 publikummarar, så her gjeld det å vere rask! :)
Konserten spelast også 17. desember i Gamlebanken på Nordfjordeid kl 17.00 og 19.00, og på BDHuset i Breim 19. desember kl 15.00.