Kulturskulekor



Anbefalt alder: 

Kulturskulekor:
frå 4. klasse
8 - 9 år

Kordirigent: 
Christine Marøy 

Undervisningstid:
Tysdagar 
kl. 17.00 - 18.00 

Undervisningsstad:
Førde

Skulepengar per halvår:
Gruppekontingent Kr 1690,-
Gratis for kulturskuleelevar!



Kulturskulekor på Sunnfjord kulturskule:

For barn yngre enn 11-12 år, er det aller best læring i å synge i kor med andre barn.

Her ligg fokuset på å skape musikk i lag med andre. Her finn vi nye vener og trener samstundes gehøret vårt.
Gehørtrening er ein veldig viktig del av det å lære å syngje. Godt gehør er evnen til å intonere ilag med andre, og å samhandle med andre. Lære å skape vakker musikk gjennom å synge unisont eller i fleirstemte harmoniar.
Kor er og ein sosial møteplass som gjev songglede og meistring, og ikkje minst gode vener.
Repertoaret er variert, frå folkemusikk, barnesongar og viser, til kyrkjemusikk, musikalar og pop.
Koret er og ein fin arena å opptre i og med. Her syng vi ilag med andre, noko som er mykje kjekkare og mindre nervepirrande enn å opptre åleine.
Og skulle det vise seg at du likar å være solist, så er det også mange moglegheiter for nettopp det. Her ligg styrken til koret; nemlig det å ha nokon å støtte seg til om ein blir for nervøs, eller nokon som backar deg til å låte endå betre når du er solist.
Kulturskulekoret syng jamnleg på konsertar, og har medverka i musikal (Annie), ballett (Nøtteknekkaren), på kyrkjekonsertar, julekonsertar, som operakor (Lyarscena og Villa Åmot) og på andre små og store arrangement ved kulturskulen eller andre stader.

Kulturskulekoret er opent for alle, og krev ingen førehandskunnskap. Vi treng berre nokre fleire å syngje i lag med.

Lærarar