Sunnfjord kommune

Kulturskulekor


Anbefalt alder: 

Aspirantkor: 
frå 1. klasse
5 - 6 år

Kulturskulekor:
frå 4. klasse
8 - 9 år

Kulturskulekoret ønskjer seg fleire sangarar! Vil du prøve? 

Då kan du no sjå om du liker å syngje i kor heilt uforpliktande fram til haustferiene. 

Velkommen! 

Kordirigent: 

Christine Marøy 

Undervisningstid:

 Tysdagar 

kl. 17.00 - 18.00 (for barn i 1.-3. klasse) 

kl. 17.30 - 18.30 (for barn frå 4. klasse) 

Oppstart: 23.8.2022

Undervisningsstad:Førde

Skulepengar per halvår:

Gratis korøving fram til haustferiene Ingen påmelding nødvending i gratisperioden. 

Bestemmer du deg å fortsetje etter utprøvinga koster det 1.500 kr per halvår å syngje i koret.
Gratis for sangelevar ved kulturskulen.

Kulturskulekor på Sunnfjord kulturskule:

For barn yngre enn 11-12 år, er det aller best læring i å synge i kor med andre barn.

Her ligg fokuset på å skape musikk i lag med andre. Her finn vi nye vener og trener samstundes gehøret vårt.
Gehørtrening er ein veldig viktig del av det å lære å syngje. Godt gehør er evnen til å intonere ilag med andre, og å samhandle med andre. Lære å skape vakker musikk gjennom å synge unisont eller i fleirstemte harmoniar.
Kor er og ein sosial møteplass som gjev songglede og meistring, og ikkje minst gode vener.
Repertoaret er variert, frå folkemusikk, barnesongar og viser, til kyrkjemusikk, musikalar og pop.
Koret er og ein fin arena å opptre i og med. Her syng vi ilag med andre, noko som er mykje kjekkare og mindre nervepirrande enn å opptre åleine.
Og skulle det vise seg at du likar å være solist, så er det også mange moglegheiter for nettopp det. Her ligg styrken til koret; nemlig det å ha nokon å støtte seg til om ein blir for nervøs, eller nokon som backar deg til å låte endå betre når du er solist.
Kulturskulekoret syng jamnleg på konsertar, og har medverka i musikal (Annie), ballett (Nøtteknekkaren), på kyrkjekonsertar, julekonsertar, som operakor (Lyarscena og Villa Åmot) og på andre små og store arrangement ved kulturskulen eller andre stader.

Kulturskulekoret er opent for alle, og krev ingen førehandskunnskap. Vi treng berre nokre fleire å syngje i lag med. Alder: Frå 4. klasse og oppover.

Aspirantkoret er for dei aller yngste, opp til og med 3.klasse. Her syng vi barnesongar og songar med bevegelse. 

Lærarar