Anbefalt alder:
for alle
Undervisningsstad:
Førde
Pris:
Sjå prisliste
(Elevkontingent eller elevkontingent utvida undervisning)
Vi er ein kulturskule for alle!
Elevane våre kjem med ulike føresetnader – og alle skal kjenne seg velkomne. Om du har behov for særleg tilrettelegging, kan du søkje om individuell undervisning hjå ein av våre dyktige instrumentallærarar eller vår musikkterapeut.
Slik søkjer du:
I søknadsskjemaet ber vi deg skrive kva instrument eller interesse eleven har. Det er også viktig for oss å vite korleis vi best kan tilrettelegge for at eleven skal få eit godt og utviklande tilbod.
Om musikkterapi ved Sunnfjord kulturskule:
Musikkterapien blir tilpassa den enkelte, og måla vert sett i samråd mellom elev, lærar og føresette. Aktivitetane kan omfatte songverkstad, innspeling, gehørtrening, notelære, rytme og instrumentlæring – alltid med meistring og trivsel i sentrum. Undervisninga kan vere både kreativ, relasjonsbyggjande og utviklande, og vi legg stor vekt på tryggleik og individuell utvikling.
