Lyarscena - Permelor - Ibenholt

Dato
Torsdag, 23.05.2024 19.00 - 23.05.2024 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Våren 2024 byr distriktsmusikarane i Sunnfjord på nye og varierte produksjonar i konsertserien «Lyarscena».
Lyarscena har blitt eit fast innslag i kulturlivet i Førde, der dei 8 distriktsmusikarane i Sunnfjord lager eigne konsertar og opptrer med og utan gjester.
Det blir tre ulike konsertar fordelt utover våren 2024. Her finn du musikkopplevingar for einkvar smak.

11.1.2024
kl. 19
DRAUMKVEDET
Malin Alander (vokal) og Ole Nilssen (trekkspel) spelar den mest omtalte og mystiske ballada vi har i Norge.
Denne versjonen av Draumkvedet held på ein nerve frå start til slutt og tek med seg lyttaren på reisa til Olav Åsteson gjennom dødsriket og bygg opp under hans visjonar. Det musikalske spenner seg frå det heilt enkle, vakre og såre til det brutale, tunge og seige. Heile konserten er dynamisk og organisk og med både improvisasjonar og slåttespel. Samspelet er nært og intenst.
Januar 2023 gav Alander og Nilssen ut Draumkvedet på plate og gjennomførte ein lang platesleppturné som vart motteke med stor begeistring frå publikum.

15.2.2024
kl. 19
PLING PLONG
Eit pling her, eit plong der, ein framand klang, «det var litt rart, skal det vere musikk?»
Med dei rette ingrediensane kan ein få frem nye uttrykk og reaksjonar. Julia, Henri og Jacob presenterar eit program med eksperimentell og ny musikk i ein leiken form.
Julia Gåsvær (trompet)
Henri Eftevand (fiolin)
Jacob Wyrtz (gitar)

25.4.2024
kl. 19
Møt meg på fjellet
Den som reiser, har noko å fortelje
Draumen om utsikt, draumen om møtet, draumen om fridom?
Noemi Utasi (piano) og Helga Lied Wyrtz (fløyte) har med utgangspunkt i komponistar frå Kaukasus skapt eit program som vil begeistre publikum. Dei karakteristiske klangane og melodiske stemningane binder Kaukasus saman - i alle fall frå ein musikalsk ståstad. Vekslinga mellom det krasse og det mjuke kan sjåast på som møtet mellom fjellet og mennesket.
Velkomne!

23.5.2024
kl. 19
Perlemor - Ibenholt

Britt Pernille Frøholm og Emil Horstad debuterer med sin første konsert på Lyarscena.
Britt Pernille Frøholm (hardingfele) og Emil Horstad (trekkspel)

Billettpris:
Vaksne 150kr
Barn 50kr
Kulturskuleelevar 0kr
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)