Sunnfjord kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon

Utleige av skulen 

Organisering av skuledagen

Påstiging og avstiging

Skulereglementet

Melding av fråvær

Lenkjer

Utleige av skulen: 

Ny informasjon kjem 

Med vennleg helsing

Janne Karin Apalset, Førde barneskule

 

Organisering av skuledagen  1920/21

 

Skuledagen startar kl. 09.00 kvar dag for alle trinn.

Onsdag er det leksehjelp for 3.-6. trinn frå kl. 08-09.

Måndag

Skulen sluttar kl. 14.30 for alle trinn

Leksehjelp frå kl. 13.30-14.30 for 3. – 6. trinn

Tysdag

Skulen sluttar kl. 13.30 for 1.-4. trinn og kl. 14.30 for 5.-7. trinn trinn

Onsdag

Skulen sluttar kl. 12.50 for alle trinn

Torsdag

Skulen sluttar kl. 14.30 for alle trinn

Fredag

Skulen sluttar kl. 13.30 for 1.-4. trinn og kl. 14.30 for 5.-7. trinn trinn

 

 

Av- og påstiging

  • Elstervegen er einvegskøyrd. Innkøyring forbode frå Kyrkjevegen, sjå skilting.
  • Køyr inn ved NRK, med køyreretning mot Kyrkjevegen.
  • Unngå å rygge ved skuleområdet.
  • Det er lagt til rette for korttidsparkering i Elstervegen.

Bruk parkeringsplassen ved kyrkja

Oppmodinga kjem frå FAU og skulen. Vi ynskjer at skulevegen skal vere trygg for elevane våre, med god flyt.

Visma Flyt Skole

er ei moderne skyteneste for skoleadministrasjon. Løsninga digitaliserer fleire prosessar som er knyta til lærarane og elevane sin skulekvardag.  Tenesta bidreg til eit betre samarbeid mellom skule og heim.

Med Visma Min Skole app for mobil er kommunikasjonen enda enklere, den gjev skolen sine tilsette, føresette og elevar muligheit til ein digital skole-hjem dialog.  Appen kan lastast ned frå Google Play eller App store

Her finn du meir om Visma Flyt Skule  og lenkje for pålogging til tenesta.

Korps i skulen

Korps i skulen er eit samarbeid mellom kulturskulen og barneskulen. Kulturskulen gjev elevar i 4. klasse eit musikktilbod på eit korpsinstrument i skuletida.

Bruk av gymsalen

Gymsalen på FBSK er reservert til bursdagsfeiring torsdagar kl 17.30-19.00. Då er det gratis leige for elevane våre viss heile klassen blir invitert.

Elles er prisen 450 kroner.

Ein må rydde på plass, koste og vaske etter bruk.

Bestill i god tid på førehand. Ring tlf 57 72 10 84 eller send e-post til: Janne.Karin.Apalset@forde.kommune.no

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar har 60 % stilling knytta til Førde barneskule. På hausten og ca. fram til jul er helsesjukepleiar på kontoret på skulen måndagar og torsdagar. Tysdagar er helsesjukepleiar på kontoret på Rådhuset for skulestartkonsultasjonar. Når skulestartkonsultasjonane er unnagjort vil helsesjukepleiar vere på kontoret på skulen også på tysdagar. 

Kontortider på skulen blir slik:

Haust:            Måndag kl 08.00-13.45

                       Torsdag kl 08.00- 15.30

Etter jul:         Måndag kl 08.00- 13.45

                       Tysdag kl. 08.00- 15.30

                       Torsdag kl. 08.00-15.30.

Helsesjukepleiar er Wenche Haugen Bruland.            Tlf:  Tlf: +47 57722130

 

Ordensreglement

Hovudreglar

Du skal:

· Svare høfleg, og vere hyggeleg mot andre, både barn og vaksne. Du skal ikkje krenke, kalle eller banne.

· Opphalde deg på skulen sitt område i skule og SFO-tida.

· Møte i rett tid til alle timar.

· Gå heim etter at skule/SFO er ferdig for dagen.

· Ikkje bruke hovudplagg i klasserommet

· Medverke til arbeidsro i klassen.

· Leike saman med andre slik at ingen blir skada eller skremd.

· Ikkje ete godteri og tyggegummi i skuletida. Læraren kan gje løyve til å nytte dette i spesielle høve.

· Ha mobiltelefon, smartklokke og anna elektronisk
kommunikasjonsutstyr avslått. (Def. smartklokke: Ei klokke som har funksjonane "kommunisere" og "ta bilde med.")

· Utstyret skal ligge i sekken ut skuledagen, eller samlast inn av lærar.
Dette gjeld og ved andre tilstellingar i skulens regi og
på skulen sitt område.
Viser til FAU sitt dokument datert 10. mai 2019 om
tilrådde sosiale retningslinjer.

· Følgje reglane ute, inne og på skulevegen.

 

Reglar ute

Du skal vere ute i friminutta, og ikkje opphalde deg i Amfi, korridorane, vindeltrappa, på svalgangen, parkeringsplassen ved kyrkja eller på kyrkjemuren. Inngangshallen er berre open for elevar før kl. 08.45. • Alle har ansvar for at det er ryddig på uteområdet.

• Alle leikar skal ryddast inn når skuledagen er slutt.

• Graving av sand skjer i sandkassa. Fallgrusen skal ikkje flyttast. Bøtter, spader, leikebilar og liknande skal vere i området i og rundt sandkassa.

• Alle har ansvar for at skubbing og slåsting ikkje førekjem.

• Snøball kan du berre kaste mot oppsette blinkar. Elevrådet har ansvaret for at blinkane kjem på plass. • Ballbanene og akebakken brukar du etter oppsette lister.

• Du skal sparke ball berre på grusbana og ball-løkka.

• Du kan kaste ballar på asfaltplassen 1-4 og 5-7, men ikkje mot veggar eller under tak.

• Vi skal ta vare på tre og busker. Du kan klatre i dei to trea vest for leikeplassen (1-4). Klatring i basketstativa og i trea ved steinmuren er ikkje lov.

 

Reglar inne:

Alle har ansvar for at undervisningsromma og garderobane er ryddige.

• For at alle skal ha det triveleg, må du stelle fint med skulen og alt som høyrer skulen til.

• Verdisaker du tek med på skulen, må du sjølv ta ansvar for. Dei vil ikkje bli erstatta av skulen om dei kjem vekk eller vert skada. •

Datautstyr skal brukast i tråd med gjeldande internettreglar for Sunnfjord kommune.

Skulevegen

Alle har rett til å gå trygt til og frå skulen. Ingen må true eller plage andre. Du skal seie frå dersom du ser at nokon ikkje har det bra på skulevegen.

• Skulen anbefaler at elevane kan sykle til og frå skulen frå 5. klasse. Elevane kan sykle frå dei byrjar i 1. klasse, med samtykke frå foreldra. Elevane må bruke sykkelhjelm og sette sykkelen på tilvist plass. • Foreldra treng informasjon om sykkelhjelm ikkje blir nytta.

• Dersom du tek bussen, må du følgje bussreglane.

• Det er forbode å bruke røyk, snus og rusmiddel på skuleområdet.

 

 

Lenkjer for elevar

Office 365

Multi Smartøving

 

Lenkjer for foreldre

FUG - foreldreutvalet for grunnskulen

Publication i other languages

Ressurs for fleirspråklege - Tema Morsmål

 

 

 

Kontakt

Therese Helland
E-post
Telefon 57 72 10 82

Adresse

Besøksadresse:
Elstervegen 1
6800 Førde

Postadresse:
Førde barneskule
Postboks 338
6802 Førde