Medverknad Det er fleire samarbeidsorgan i skulen. Målet for alle er å sikre elevane eit betre læringsmiljø. Det er skuleeigar og rektor sitt ansvar at alle rådsorgana blir oppretta og fungerer i samsvar med føringane i opplæringslova. Skuleleiinga er ansvarleg for å samarbeide med, underrette og take med på råd så tidleg som mogleg, alle samarbeidsorgana. Dette er samarbeidsorgana ved skulane i Sunnfjord kommune: Elevrådet Foreldrerådet (alle føresette ved skulen er medlem) Foreldrekontaktane (valt for kvar klasse) Foreldrearbeidsutvalet (FAU) Samarbeidsutvalet (SU) Skulemiljøutvalet (SMU) Felles foreldreutval for grunnskulen (KFU) Ved Vassenden skule arbeider vi med brukarmedverknad etter gjeldande plan som er utarbeidd for alle skulane i Sunnfjord kommune. Sjå eigen informasjon om elevråd, FAU, SU og SMU. Sist endra19.12.2019 13.00