Om å vere foreldrekontakt Foreldrekontakten representerer foreldra og er bindeledd mellom skulen/ kontaktlæraren og foreldra. I oppstarten av 1. klasse vel foreldra kven som skal vere foreldrekontaktar, og vara, i 10 år. Den som er vara eit år rykker automatisk opp som foreldrekontakt neste skuleår. Kvar foreldrekontakt sit i eitt år. I tillegg til val av foreldrekontakt vel foreldra eigne medlemar som dannar skulen sitt FAU.Overordna del i læreplanen er ei føreskrift skulen skal arbeide etter. Eit inkluderande læringsmiljø, der skulen skal utvikle inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle er sentralt. For at skulen skal nå måla i har foreldrekontakten ei viktig rolle i samarbeidet med skulen. I overordna del står m.a. dette:Dei tilsette på skulen, foreldre og føresette og elevane har saman ansvar for å fremje helse, trivsel og læring, og for å førebygge mobbing og krenkingarElevane og heimen har eit ansvar for å bidra til et godt fellesskap og miljø.Udir – Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringenOppgåver for foreldrekontaktane i klassane: Arbeide for å lage eit trygt miljø og godt samarbeid i foreldregruppaGodt samspel og god kommunikasjon i foreldregruppa er viktig for å få eit trygt og godt klassemiljø for elevane på årssteget.Vere initiativtakar til spontane sosiale samankomstar og treff mellom elevar, og foreldre i klassa – passe på at alle får vere med!Inviterer inn ev. nye foreldre til årssteget si FB-gruppe.Ta kontakt med «nye» foreldre, det vil sei foreldre til elevar som kjem til som nye i klassa i løpet av skulegangen. Informer gjerne om fritidsaktivitetar, og samlingspunkt for elevar og føresette slik at dei vert inkludert på treningar, sosiale samankomstar så tidleg som mogeleg.Foreldrekontaktar i 1.-7. klasse møter opp på 17. mai og tek ansvar for klassa si fane, og går saman med elevane i barnetoget.Jobbe for god og inkluderande kultur i foreldregruppa. T.d. at alle jenter/gutar blir invitert når det skipast til bursdagar, halloween og andre sosiale møtepunkt. Ta gjerne dette med halloween opp på første foreldremøte om hausten, eller som informasjon i facebook-gruppa, slik at ein sikrar at alle har nokon å gå saman med. Gi beskjed til kontaktlærar eller sosiallærar dersom du opplever at nokon i elevgruppa vert ekskludert, eller at nokon ekskluderer nokon.Passe på at klassa følgjer opp FAU sine rutinar og systemFAU sine system, reglar og rutinar finn du her herSaman med skulen repetere og minne foreldregruppa om FAU sine forventningar til foreldrerolla.Følgje opp klassa sitt ansvar for foreldredugnad og sosiale samankomstar, samt FAU sitt system for inntektsbringande dugnadsarbeid i klassaneEr administrator for ev. FB-gruppe for klassa/årssteget, og at gruppa vert drifta etter FAU sine reglar.Om det i løpet av skuleåra er behov for endringar på valet som vart tatt i 1. klasse på val av foreldrekekontakt og medlem i FAU, gjennomfører foreldrekontakten nytt val og får oppdatert lista.Foreldrekontakt kan ved behov delegere oppgåver til andre foreldre i klassaVere bindeledd mellom heim og skuleLage sakliste til foreldremøta saman med kontaktlærar. Spele inn saker og tema som er viktige for foreldregruppa.Samarbeide med kontaktlærar og leie del av foreldremøte som er foreldrestyrt, og passe på at det vert skrive referat frå foreldremøtaEtter behov vere kontaktperson og støtte for foreldre i foreldregruppa inn mot skulenSpele inn aktuelle saker og tema som foreldregruppa ønsker å ta opp i FAU og i SkulemiljøutvaletPasse på at den som er årskullet sin representant i FAU får formidla informasjon frå FAU og Skulemiljøutval til foreldregruppaInformasjon om teiepliktI skuleverket gjeld Forvaltningslova § 13 om teieplikt. Teieplikta gjeld både for tilsette i skulen og for foreldra som er foreldrekontakt, og som sit i råd og utval (SU og SMU). Teieplikta gjeld og personar som er frivillige hjelparar på leirskule, turar, festar og arrangement i regi av skulen.Tips til foreldremøtet Her er nokre tips til aktivitet som kan vere veldig nyttig å gjennomføre på foreldremøta. Foreldrekontakten må gjerne spele inn innspel til kontaktlærar i forkant av foreldremøtet. Diskusjonskort for foreldregruppa utforma av Redd Barna Livet & Sånn 1.-7. klasse Livet & Sånn 8.-10. klasse Sist endra 26.02.2025 14.09