Elevråd

Alle skular skal ha eit elevråd. Elevrådet er elevane sitt demokratiske organ og sikrar at elevane som gruppe får medverknad. Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen, og arbeide for eit godt lærings- og skulemiljø.

Elevrådet skal få uttale seg og kome med forslag i alle saker som gjeld nærmiljøet til elevane. Det ligg inga avgrensing i kva saker elevrådet kan ta opp, men i hovudsak dreier det seg om tilhøve som angår skule-, lærings- og arbeidsmiljø samt velferdsinteresser. Elevrådet kan uttale seg i alle saker som angår skulen, men lova gir ikkje rådet mynde til å fatte bindande avgjersler. Det er likevel slik at elevrådet representerer alle elevane ved skulen, og dei vedtaka som elevrådet gjer, er eit uttrykk for elevane si vilje. På den måten har elevane innflytelse på det som skjer i skulen.  


På Vassenden skule organiserer vi elevrådet slik: 

Barneskulen: Elevane i 2.-7. klasse sit i elevrådet på barneskulen. Når elevrådte møtast deltek både elevrådsrepresentanten og varaen frå kvar klasse. Rektor og assisterande rektor møter elevrådet 2-3 gangar i halvåret. I forkant skal klassane ha førebudd saker som dei tek med å legg fram for leiinga. Leiinga skriv referat frå møta, og deler dette med lærarane og tek sakene vidare til leiargruppa på skulen og hovudstega.

Ungdomsskulen: Elevane i 8.-10. klasse har sine representantar i elevrådet. Elevrådet vel eigen leiar og nestleiar. Sosiallærar på ungdomsskulensamarbeider med elevane og deltek saman med dei på møta som dei har om lag ein gang i månaden. Medlem frå elevrådet på ungdomsskulen er også representert i skulemiljøutvalet ved skulen.