Rettleiar for foreldre skjermbruk ved Vassenden skule

Digitale medium er ein stor del av liva våre, på godt og vondt. Barnas digitale liv handlar ikkje berre om det som skjer på fritida, men påverkar og skulemiljøet.

FAU og SMU starta arbeidet med rettleiaren vinteren 2024 med inspirasjon og tips frå Fagerholdt skole sin rettleiar som vart kringkasta på Barnevakten.no.  

Rettleiarar på ulike språk

Med denne rettleiaren vil FAU og Skulemiljøutvalet gi nokre råd, slik at foreldre ved Vassenden skule kan ha eit godt utgangspunkt for den viktige dialogen i klassar og i årsstega. Ein felles rettleiar kan bidra til auka forståing for kva som skal til for at barna kan ha gode opplevingar på nett, samtidig som vi saman kan førebyggje utfordringar som digital mobbing og utanforskap, konfliktar som blir dratt inn i skuletida, og redusert konsentrasjon, både heime og på skulen.

Om rettleiaren

Rettleiaren tek føre seg desse tre ulike tema rundt barna- og ungdomane sin digitale kvardag:

  • Mobilbruk
  • Sosiale medium
  • Gaming

Rettleiaren er laga på fire ulike språk

Rettleiar for skjermbruk på norsk (PDF, 657 kB)

Rettleiar for skjermbruk på engelsk (PDF, 633 kB)

Rettleiar for skjermbruk på ukrainsk (PDF, 624 kB)

Rettleiar for skjermbruk på arabisk (PDF, 688 kB)

Korleis bruke rettleiaren

FAU og SMU håpar at foreldra på Vassenden skule finn god støtte i rettleiaren som er laga med felles forventningar. FAU og Skulemiljøutvalet oppmodar alle klassar og årssteg til å ta den i bruk som utgangspunkt for dialog. Vi bør starte å diskutere elevane sin digitale kvardag allereie i 1. klasse. Ein tidleg dialog kan førebyggje utfordringar som er langt vanskelegare å handtere seinare.

I etterkant av arbeidet har det kome nye faktorar som støttar opp om å lage rettleiaren med tydelege forventningar til korleis foreldre bør følgje opp skjermbruken til elevane.

 

Den nye rettleiaren er sendt ut til alle føresette, og var tema under foreldremøta våren 2025. Rettleiaren skal også repeterast ved skulestart kvart år.

Takk til FAU og SMU for godt arbeid med rettleiaren!