Samarbeidsutval og Skulemiljøutval

Medlemar frå både elevråd, FAU, personalgruppa, rektor og kommunen si politiske leiing er representert i Skulemiljøutvalet (SMU). Utvalet møtast minimum 4 gangar kvart skuleår, og arbeider etter eigen møte- og årsplan. Om du har saker du ønsker at utvalet skal diskutere kan du melde desse inn til leiar i FAU eller rektor. Innkallingar, referat og skriv vert arkivert i kommunen sitt arkivsystem og er offentlig informasjon på kommunen si saksliste. 

Samarbeidsutvalet (SU) 

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen. Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste rådgjevande organ der alle partar i skulen er representert: Elevar (2), føresette (2), undervisningspersonalet (2) andre tilsette (1) og representantar frå kommunen (2), der rektor skal vere den eine og den andre er ein politisk vald person. (Opplæringslova § 11-1.)  Rektor er til vanleg sekretær for SU. Rektor har ansvar for å legge til rette for at rådet vert konstituert.

Skulemiljøutvalet (SMU)

Det er lovfesta i kapittel 10 i Opplæringslova at alle skulane skal sikre medverknad, foreldresamarbeid og ha eit skuledemokrati. På skulen vår skal skulemiljøutvalet medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. FAU, elevrådet og personalgruppa kan be om at saker blir teke opp til handsaming i utvalet.  SMU skal vere eit rådgjevande organ for skulenog rektor. Elevane, dei føresette, skulen, tilsette i skulen og ein representant frå kommunen skal vere representert.