FAU & foreldreråd

Alle føresette som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. (Opplæringslova § 11-4). Foreldrerådet veljer eit arbeidsutval (FAU) som er talerør overfor skulen. Foreldrerådet skal arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skule, legge til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane, og vere bindeledd mellom skulen og lokalsamfunnet. 

FAU og foreldreråd

FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå føresette og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU bør samarbeide med både elevråd, skuleleiinga og dei tilsette. FAU kan også ha kontakt med lag, organisasjonar og næringsliv i nærmiljøet. FAU skal representere alle dei føresette ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt. 

I Sunnfjord kommune er det eige KFU (kommunalt foreldreutval) der medlemar frå FAU ved kvar av skulane i kommunen er representert. Leiar i FAU ved Vassenden skule er fast medlem i dette utvalet. 

Val av foreldrekontaktar

Foreldrekontaktane er bindeleddet mellom foreldra i klassa og Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), og mellom foreldra og skulen.

  • Her finn du tips og råd til kva ansvar og oppgåver du har som foreldrekontakt
  • Den som er foreldrekontakt i ei klasse sit automatisk i FAU dette året. Den som er vara som foreldrekontakt er òg vara til FAU.
  • FAU har bestemt at ved oppstart i 1. klasse skal det veljast foreldrekontakter for 10 år framover. Dette vert gjort slik:
    • Frå 1.-10. klasse skal det vere 10 foreldrekontaktar og 10 vararepresentantar. Den som er vara eitt år rykker automatisk opp til å bli foreldrekontakt året etter. I praksis er det 11 stk. frå kvar klasse: 10 foreldrekontaktar, og ein som «berre» er vara i 10. klasse.
    • På foreldremøte for skulestartarane om våren orienterer rektor om det å vere foreldrekontakt. Foreldra får høve til å melde seg til å vere foreldrekontakt, evt. kva årssteg dei ønsker å vere foreldrekontakt på.
    • Om ikkje mange nok melder seg til å dekke 10 år (11 stk.) på møte for skulestartarane, vert det gjennomført ei trekking blant resterande foreldre på første foreldremøte om hausten i 1. klasse, av kontaktlærar/rektor. I trekkinga skal det brukast digitalt lykkehjul med bruk av elevane sine namn. Det vert opp til foreldra til eleven å avgjere kven av foreldra som tek vervet.
    • Etter foreldremøte i 1. klasse vert det laga ei oversikt over alle dei 10 åra. Denne leverast til rektor av kontaktaktlærar, og vert lagra i FAU si arkivmappe i websak.
    • Endringar på listene i løpet av dei 10 åra pga. til- og fråflytting eller liknade, vert administrert av rektor ved skulestart kvart år. I hovudsak vil endringar bli løyst ved at dei som er sett opp som foreldrekontaktar rykker fram eitt år. Døme: Ein valt foreldrekontakt flyttar i 5. klasse. Då rykker alle eit år fram, og ein vel ny foreldrekontakt for 10. klasse.

FAU har forståing for at det ikkje er alle føresette som har høve til å vere foreldrekontakt eller medlem i FAU. FAU meiner det er viktig at foreldregruppa i fellesskap viser respekt for, og tek omsyn til, at nokre foreldre har årsaker til å ikkje kunne ta på seg oppgåva. Det kan òg skje endringar undervegs i dei 10 åra, som medfører behov for å justere på listene over dei som allereie er sett opp. Om ein står oppført som foreldrekontakt, og på eit tidspunkt treng endring, kan ein kontakte rektor for å få løyst dette. Tilsette på skulen, som og er føresette, skal ikkje vere foreldrekontakt eller medlem i FAU. Dette pga. at dei kan kome i rollekonflikt. Barnets andre forelder kan vere foreldrekontakt og medlem i FAU på lik linje med alle andre føresette.

FAU - foreldra sitt arbeidsutval

  • FAU består av foreldrekontaktane i frå kvar klasse ved skulen.
  • FAU skal på første møte velje leiar, nestleiar og skrivar. Det skal òg veljast vara for alle tre. Leiar i FAU skal orientere rektor om valresultatet rett etter første møte.
  • Leiar, nestleiar og skrivar i FAU skal møte i SU/SMU. Om ein ikkje kan møte skal vara møte.
  • FAU har til vanleg 4 møte i året. Møta ligg i møteplanen for råd og utval ved skulen. FAU sine møte vert til vanleg arrangert ei veke i forkant av skulen sine møte i SU/SMU.
  • Møta kan arrangerast fysisk på naturfagsalen på barneskulen, eller digitalt via Teams-lenke som rektor orienterer ut om. FAU- leiar får utlevert kodebrikke til utleigeavdelinga.
  • Saklista for FAU-møta er saklista rektor sender ut for SU/SMU- møta, samt ev. saker foreldregruppa melder inn til FAU. Referat frå FAU-møta sendast til vassenden.skule@sunnfjord.kommune.no og vert lagra i denne saka på postlista til kommunen (22/7912). Referata til FAU vert opne slik at dei kan delast.
  • Dersom Sunnfjord kommune har eit eige kommunalt organ for FAU er det leiar og nestleiar i FAU som er representantane i dette utvalet.

Vedtekter

Vedtektene til FAU ved Vassenden skule (PDF, 218 kB)