Planendring detaljregulering fylkesveg 609 Heilevang

Planendring detaljregulering fylkesveg 609 Heilevanger lagt ut på høyring. Vi ønsker innspel frå deg. Høyringsperioden går fram til 15. desember.

Kort om planen

Plankart Heilevang - Klikk for stort bileteGamal veglinje (raud) og ny veglinje (mørkegrå) Kartutsnitt

Sunnfjord kommune har fått ein søknad om endring av detaljregulering fv. 609 Heilevang jf. plan- og bygningsloven § 12-14.

Reguleringsplanen og endringa omfattar areal i kommunane Askvoll og Sunnfjord, og reguleringsendringa skal difor handsamast av begge kommunane.  Kommunane gjer vedtak for den delen av reguleringsplanen som ligg i eigen kommune.

Gjeldande reguleringsplan frå 2022 kan ein finne i kommunane sine planregister arealplaner.no.

Kommunane vurderer at saka kan handsamast etter forenkla planprosess, jf. plan- og bygningslova §12-14 andre ledd. Kommunane har etterlyst ei vurdering av vasshandtering i Sunnfjord, i høve verknader og vassforskrifta, men har ikkje motteke dette.

Detaljregulering for fv609 Heilevang vart vedteken av Askvoll kommune og Sunnfjord kommune i 2022.

Planen legg til rette for skredsikring i form av tunnel på fv. 609, på strekninga mellom Heilevang i Sunnfjord kommune og Hestvika i Askvoll kommune. Det vert òg lagt til rette for andre former for skredsikring, deponi, riggområde mm.. Då byggjeprosjektet vart lyst ut på anbod, kom det fram usikkerheit knytt til stabiliteten ved området der tunnelen skulle gå inn ved Heilevang, og om prosjektet kunne gjennomførast slik det var planlagt. Anbodskonkurransen vart deifor avlyst vinteren 2024.

I ettertid har Vestland fylkeskommune gjennomført fleire undersøkingar av grunntilhøva på Heilevang. Resultata av kartlegginga har ført til at fylkeskommunen vil endre tunnelløysinga. Ved å flytte tunnelpåhogget litt mot aust, kan ein sleppe å ha ein lausmassetunnel, og i staden byggje ein tradisjonell tunnel.

Sjå viktige dokument i saka

 

Sjå alle dokument i saka

Sei di meining innan 15. desember

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 15. desember.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 24/13949.

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 24/13949.

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.

Lovverk

Kontakt

Anniken Heggedal
Sakshandsamar planavdeling
E-post
Telefon 57 61 27 17

Jobbar med plansaker og dispensasjon etter plan- og bygningslova