Heidersprisar innan kultur

Sunnfjord kommune deler årleg ut ein kulturpris for å løfte fram og gje merksemd og heider til våre beste kulturaktørar og –personar, innanfor det utvida kulturbegrepet.

Kommunen deler også årleg ut ein eldsjelpris for å løfte fram og gje merksemd og heider til ein einskildperson som har gjort ein særleg innsats innan frivilliglivet.

Kulturprisen

Kulturprisen skal vere ein stimulans til kulturlivet i kommunen. Prisen kan bli tildelt einskildpersonar, grupper eller organisasjonar.

Vil du nominere nokon til kulturprisen 2026?

 

Frist for å nominere 20. oktober 2026

 

Eldsjelprisen

Prisen blir delt ut til ein kandidat som har gjort ein særleg, langvarig og/eller ekstraordinær innsats i frivilliglivet.

Vil du nominere nokon til eldsjelprisen 2026?


 Frist for å nominere 20. oktober 2026
 

Kontakt

Profilbilde av Anita Nordheim
Anita Nordheim
Kommunalsjef for kultur og idrett
Telefon 57 72 60 57