Eldsjelprisen i Sunnfjord kommune går til Kjellaug Ulltang og Åslaug Brudevoll Sunnfjord kommune Kjellaug Ulltang og Åslaug Brudevoll har gjennom fleire tiår vore aktive eldsjeler i Førde Røde Kors si Besøksteneste, som pasientvener. Dei er to gode representantar for alle dei mange kvinnene som gjennom mange tiår har ytt ein svært stor innsats for dei mange einslege, eldre menneska i kommunen. Besøkstenesta til Røde Kors, eller Pasientvenene som dei og vert kalla, yter av sitt overskot og fritid til å vitje medmenneske som treng litt hjelp. Dei vitjar pasientar/bebuarar på Sjukeheimen/Aldersheimen, helst pasientar som ikkje har pårørande i nærleiken. Også gamle og einslege som bur heime får besøk av desse pasientvenene. Dei les høgt, hjelper dei med ulike oppgåver, fylgjer dei til butikk, lege eller går tur, eller dei syter for skyss til ulike kulturarrangement, teater, kino, festar, eller andre ulike sosiale tilstellingar. Besøkstenesta sine medlemmer har som oppdrag å skape kontakt mellom menneske ved besøk i institusjon og i heimen, og hjelpe til så dei mange einslege, eldre i kommunen får ta del i sosiale aktivitetar. Desse to kvinnene, Kjellaug og Åshild, er svært flotte representantar for alle dei mange kvinnene som opp gjennom åra har teke del i arbeidet som Besøkstenesta har gjennomført sidan dei stifta Røde Kors sin Besøksteneste i 1964. I Besøkstenesta har dei vore svært aktive, veke etter veke. Gjennom sitt viktige, aktive, stillfarande og engasjerte arbeid har dei hjelpt mange til ein betre kvardag i alderdomen. Kort om Eldsjelprisen Sunnfjord kommune deler årleg ut ein eldsjelpris for å løfte fram og gje merksemd og heider til ein einskildperson som har gjort ein særleg langvarig og/eller ekstraordinær innsats innan frivilliglivet. Utval for samfunn, kultur og næring vedtek kven som får prisen etter ein open nominasjon. Mottakaren får eit diplom og ei pengegåve på 10 000 kroner. Sist endra 21.08.2024 09.44