Eldsjelprisen 2023 i Sunnfjord kommune går til Egil Hjelmeland

Bilde viser ordførar Jenny Følling, Egil Hjelmeland med Eldsjelprisen og blomster, og kommunalsjef for kultur og idrett – Anita Nordheim - Klikk for stort bileteOrdførar Jenny Følling, Egil Hjelmeland og Kommunalsjef for kultur og idrett Anita Nordheim Sunnfjord kommune

Egil Hjelmeland har gjort ein formidabel innsats for kulturlivet. Som halvt Gaulværing og halvt Naustedøling, født og oppvokst i Gaular og siste halvdel av livet som Førdianar, har han engasjert seg i heile Sunnfjord. 

Hans eventyrlyst tok han på skuleskipet Statsraad Lehmkuhl allerede som 15 åring, og etter tida som FN-soldat i Gaza fann han tilbake til Sunnfjord. Han var med å starte skulekorpset i Førde i 1969 og var dirigent for korps i både Sande, Førde og Gaular, og var med å jobbe for at Førde skulle få musikkskule.

Han komponerte «Utsikt fra Storehesten» som blei framført med 300 personar på toppen av fjellet i 1985. Han fekk ideen til Gaularspelet som blei framført første gong i 1987, og som kvart 2-3. år har blitt framført av ei fantastisk dugnadsånd frå heile Sunnfjordregionen med 30 års jubileum i 2017. I tillegg til å skrive skodespelet, komponerte han tekst og melodiar for kor og korps, og laga kostyme og våpen til det første spelet.

Han opplevde andre verdskrig som 6 åring, og har engasjert seg for den lokale krigshistoria og tatt initiativ til minnestein over falne på Bringeland. Han har skrive «Flymarsj» i høve avdukinga, laga minnetavle i Gaular og på Kletten i Førde, og tatt initiativ til Luftkampmuseet i Naustdal og vert med å bygge opp dette.  

I mange år har Egil jobba for at Haukedalen sin store komponist, Johannes Haarklou skulle komme meir fram i lyset, og lykkast litt med jobben når Opera Nordfjord lanserte Verdspremiere for Haarklou opera i 2009. Han har stadig inne forslag til markeringer av denne komponisten 😊

Sjølv har han også likt å komponere både melodi og tekst, og mange har fått ein song av han når dei rundar dag eller takkar av. Når han snart rundar 85 år er han med Seniorkoret på Kyrkjekonsert i Førde 6. desember, og framfører «Fadervår» som han har skrive melodien til.   
 

Kort om Eldsjelprisen

  • Sunnfjord kommune deler årleg ut ein eldsjelpris for å løfte fram og gje merksemd og heider til ein einskildperson som har gjort ein særleg  langvarig og/eller ekstraordinær innsats innan frivilliglivet.
  • Utval for samfunn, kultur og næring vedtek kven som får prisen etter ein open nominasjon.
  • Mottakaren får eit diplom og ei pengegåve på 10 000 kroner.