Kulturprisen 2023

Kulturprisen 2023 vert tildelt Kyrre Eikaas Ottersen

Bilde av Kyrre Eikaas Ottersen saman med Jenny Følling og Anita Nordheim - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Kyrre Eikaas Ottersen er ein hardtarbeidande, intelligent, talentfull og makelaus skodespelar. Han er utrøytteleg hardtarbeidande og skil ikkje mellom roller eller publikum. 

Han arbeider like hardt for å gjere sitt beste om prosjektet er stort eller lite. Som skodespelar har Kyrre emne til å tolke veldig ulike rollar og har opp gjennom nær 30 år i yrket tolka ei rekke roller.

Kyrre er ein kjær kollega og ven for dei tilsette ved teateret. Enkelte kan kanskje vente at ein som skodespelar er framfus og glad for å vere i sentrum, med Kyrre er dette langt frå sanninga.

Kyrre si særlege evne til formidling er knytt til han store kjærleik til dei gode og viktige historiene. Historier som knyt oss som menneskje saman og som er viktige byggjesteinar i den sanninga vi fortel om oss sjølv. Historier vi har fortalt kvarandre sidan vi sat rundt leirbålet.

Kyrre har møtt sitt publikum med stor profesjonalitet og pålitelegheit, målretta arbeider han for å gjere dei mange ulike rollane han har tolka levande for oss.

Kyrre har spelt i barnehagar, på ferje over Sognefjorden og i blesten ute på Kinn, i kalde grendehus og klangfulle idrettshallar, i storslagne kulturhus og i Eventyrom for små flokkar av nyfikne born. Han er ein skummel ulv, ein barsk viking, sleip kjekkas og eit stotrande mobbeoffer. Han har tolka rolla som istykkerriven alkoholisert men kjærleg far, grensesprengande ungdom, Peter Pan på gamleheim, og sjuk son – berre for å nemne noko. 

Dei siste 10 åra har Kyrre bore dusinvis av hovudroller – med nokon av Noregs beste regissørar og vår tids mest krevjande mannsroller i mellom anna: Alt det lyse og alt det

mørke, Frakt Under Havet og no til sist; Tollak til Ingeborg som har vore på turne i heile landet – ei rolle som riv og slit i alle som er så heldige å få oppleve VÅR Tollak – sjølvaste Kyrre Eikaas Ottersen.

Det seiast at det er krevjande å bli profet i eige land, men med denne prisen vil vi vise kor stolte og takknemlege vi er for at du held ditt virke her i Sunnfjord og er ein framifrå representant for både faget og språket ditt.

Til lukke med Sunnfjord Kommune sin kulturpris 2023.

 

Ordførar                                                                            Kommunalsjef kultur og idrett 

Jenny Følling                                                                    Anita Nordheim