Kulturprisen 2021

Kulturprisen 2021 for Sunnfjord kommune er tildelt Jølster Jazzklubb.

Kulturprisen skal løfte fram og gje merksemd og heider til våre beste kulturaktørar og –personar, og den skal delast ut til ein kandidat som har gjort ein særleg, langvarig og/eller ekstraordinær innsats i kulturlivet.

Jølster jazzklubb stettar desse kriteria på ein framifrå måte. Klubben, som er ei foreining av musikkentusiastar i Jølster, har sidan 2009 arrangert festivalen Jazz på Jølst som opp gjennom åra har vokst både i kvalitet og omfang.

I dag har festivalen støtte frå nasjonalt hald gjennom Kulturrådet, der den kunstfaglege kvaliteten er eit viktig kriterium for å oppnå tilskot. Publikum får kvart år oppleve fleire konsertar gjennom festivalhelga, med framståande, musikarar innan jazz og andre sjangrar, og gjerne i sjangeroverskridande prosjekt.

Festivalprogrammet har tilbod både for vaksne, born og familiar. I tillegg dreg arrangørane inn andre kulturtilbod i nærleiken i programmet sitt, som Astruptunet og andre attraksjonar. Dei samarbeider òg med andre festivalar som Førdefestivalen.

Jazz på Jølst har markert seg som ein kvalitetsbevisst festival både når det gjeld musikalsk innhald og på det organisatoriske planet. Dei tar godt imot både publikum og musikarar, og er på den måten med på å få folk til å trivast og gjerne ville kome tilbake til Jølster og festivalen år etter år. Jølster Jazzklubb arrangerer òg konsertar gjennom året.

Jazzklubben og festivalen er driven på dugnad av klubbmedlemene og andre musikkinteresserte støttespelarar. Det ligg ein stor og langvarig frivillig innsats bak den årlege festivalen og andre arrangement som jazzklubben driv.  Kunnskap, engasjement og innsatsvilje frå personane i det lokale musikkmiljøet på Jølster legg grunnlaget for at publikum kan få store musikkopplevingar kvart einaste år.

Sunnfjord kommune vil takke for innsatsen og ynskjer Jølster Jazzklubb hjarteleg til lukke med kulturprisen 2021!