Kulturprisen 2022 for Sunnfjord kommune er tildelt Ann Lundekvam

Ann LUndekvam og ordførar, Jenny Følling - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Kulturprisen  for Sunnfjord kommune skal løfte fram og gje merksemd og heider til våre beste kulturaktørar og –personar, og den skal delast ut til ein kandidat som har gjort ein særleg, langvarig og/eller ekstraordinær innsats i kulturlivet.

Ann Lundekvam har arbeidd med bunader heile sitt liv, og er ein kulturinstitusjon i seg sjølv. Ho gjer eit viktig arbeid med å halde bunadsaumen for Sunnfjordbunadane i hevd og bringe denne kulturarven vidare. 

Lundekvam har sidan midten av 1970-talet vore i fremste rekke i arbeidet med å rekonstruere sunnfjordbunaden, både for dame og herre, og då spesielt etter draktmateriale frå Jølster. Ho har vore sentral i arbeidet som har resultert i fleire rekonstruerte dame- og herrebunadar frå Sunnfjord. 

Det har vore eit stort arbeid å finne verkstader og produsentar som har kompetanse og kapasitet til å reprodusere stoff og anna som høyrer til, i tillegg til teknikkar og materiale som vart brukt før i tida, og tilpasse dette til vår tid. 
Lundekvam har eit solid kunnskapsnivå, både teoretisk og praktisk, som ho bringer vidare til andre når ho held kurs. Ho var òg ei sentral kjelde til boka «Bunadsliv» av Åse Vigdis Festervoll, som kom ut i 2018. Ho vart saman med Bjørg Hovland tildelt fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 2019.

Ann Lundekvam har synt ei formidabel evne og eit brennande engasjement for den rike kulturarven som vi har i Sunnfjord og Sogn og Fjordane. Ho er ein person som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege i fleire tiår. 

Ann Lundekvam er ein verdig vinnar av Kulturprisen for Sunnfjord kommune 2022. Prisen består av ei pengegåve på 25 000 kroner og eit kunsttrykk av kunstnargruppa MIM frå Sunnfjord.

Sunnfjord kommune vil takke for innsatsen og ynskjer Ann Lundekvam  hjarteleg til lukke med kulturprisen 2021!