Alvorleg økonomisk situasjon krev justering av kurs

Sunnfjord kommune var på topp ti av kommunar med negativt resultat i 2024. Sjølv om  vi held fram etter planlagt innsparingsplan, så vil vi truleg vere på ROBEK våren 2028.  Vi må no endre kurs omgåande for å unngå dette.

Ny kurs

pil mot venstre - Klikk for stort bilete

Framskunde innsparingar
tiltak må ha full effekt frå seinast 1. januar 2027

pil mot høgre - Klikk for stort bilete

Utsette omorganisering
ny organisering frå 1. januar 2028

 

Prioritering

Vi prioriterer økonomiske omstilling og deretter organisatorisk omstilling. Vi klarar ikkje å gjere begge deler samtidig.

Det kan vere aktuelt å gjennomføre delvis organisatoriske endringar tidlegare dersom desse gir økonomisk innsparing. Det vil seie at vi ikkje skjermar nokon frå å bli ramma av nedbemanning.

 

Illustrasjon av videomøte Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

 

Innsparingar

Ambisjonsnivå for innsparing er uendra. Den er på totalt 121 millionar kroner + meirforbruk. Fordeling mellom sektorar er også uendra. Verknad frå 2028 er framskunda til 2027.

70 % av kostnadane til kommunen er løn. For å nå mål om innsparing omfattar derfor innsparinga  ei nedbemanning på 100 stillingar.

 

 

Kvifor må vi gjere så store endringar no?

Omstilling

Vi blir færre barn og unge og fleire eldre. Dette er ei nasjonal trend. Vi må derfor flytte pengar frå tenester til barn og unge til eldre.

Innsparing

Vi har lenge brukt meir pengar enn vi har planlagt. Vi brukar òg meir pengar på tenestene våre, enn andre kommunar som liknar på oss.