Kvalitet og kapasitet i Sunnfjord-skulenKommunen har nedgang i tal elevar og auke i tal eldre. Kommunen må omstille seg for å møte endra tenestebehov. Dette prosjektet har kartlagt korleis kommunen best kan få til god kvalitet og kapasitet i skulen etter ei slik omstilling. På denne sida kan du følge gjennomføring av dei vedtekne endringane. Dette skjer no Arbeidet med flytting til skulane; Halbrend barneskule, Førde ungdomsskule og Vassenden skule er i gong og i rute. Les litt om flytteprosessen Oppgradering av Sande skule med nybygg og rehabilitering av eksisterande bygg er i rute.Les om nye Sande skule Prosjekt som ikkje er igangsett endåFlytte elevane ved Førde barneskule til Førde ungdomsskule sitt bygg.Flytting av ungdomstrinn ved Viksdalen skule til Sande skule. Plassere vaksenopplæring og integrering i kommunalt bygg. Kunnskapsgrunnlag, økonomi og høyring med innspel og vedtak I perioden mars 2023 – mars 2025 vart det gjort eit større kartleggingsarbeid. Det vart halde mange folkemøte i alle aktuelle krinsar. Forslag til vedtak var på høyring og fekk mange innspel. Vedtak vart gjort av kommunestyret. Les meir Vedtak mars 2025 kvalitet og kapasitet i Sunnfjord-skulen27. mars 2025 gjorde kommunestyret følgjande vedtak omhandlande skulesektoren i Sunnfjord kommune, som ei avslutning på prosjektet «Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen»:Følgjande endringar i skulestrukturen blir gjennomført i Sunnfjord kommune: Vassenden skule vert samla i eitt skulebygg, frå hausten 2026. Ungdomstrinnet ved Halbrend skule blir slått saman med Førde ungdomsskule, til ein felles ungdomsskule på Hafstad. Det skal lagast ein plan for overgangen til ny felles ungdomsskule, der representantar frå dei to skulane skal vere med i utarbeidinga. Planen skal leggast fram for politisk behandling i god tid før handsaming av årsbudsjett for 2026.Førde barneskule blir flytta til FUSK-bygget når bygget er klargjort for barneskuleElevane ved Flatene skule blir flytta til Halbrend skule, som blir ein skule med elevar frå 1.-7. trinn, når bygget er klargjort for barneskule. Ungdomstrinnet ved Viksdalen skule blir flytta til Sande skule frå skulestart 2029, med forutsetning av at Sande skule er ferdig ombygd. Dersom skulen får ei elevtalsutvikling som gjev grunnlag for ein berekraftig ungdomsskule, skal saka vurderast på nytt.Kommunestyret ber om å få ei utgreiing av oppveksttun på Viksdalen skule og Sunde skule.Vaksenopplæring og integrering skal lokaliserast i kommunalt bygg. Det samla ressursnivået i skulen blir redusert med 6,5 millionar kroner i tillegg til reduksjonen på 35 millionar kroner som føl av elevtalsnedgangen.Det skal utarbeidast ein plan for gjennomføring av kvart tiltak. Planen skal ivareta elevar, foreldre og tilsette i arbeidet med nedlegging, overføring og samanslåing av skular. For tilsette blir det utarbeid ein bemanningsplan saman med tillitsvalde og verneombod.Vedtak november 2025 Framtidas skule i Sunnfjord kommuneKommunestyret behandla 6. november ei samla sak om investering i skulebygg for Sande skule, ny ungdomsskule på Hafstad, Halbrend skule og arbeidet med Vassenden skule. 1. Sande skule blir bygd etter dei planane og kostnadane som føreligg, med byggestart i februar 20262. Ny felles ungdomsskule blir ombygd etter dei planane og kostnadane som føreligga. Skulen skal vere klar til skulestart i 2026b. Det vert tilsett rektor ved den nye felles ungdomsskulen så snart som råd for å sikre gode prosessar og involvering av tilsette, elevar, FAU og andre involverte partarc. Ramma til uteområdet ved Hafstad ungdomsskule vert utvida med kr. 500.000. Auke i eigenandel vil utløyse spelemidlar til første byggesteg og deler av andre byggesteg, som då kan ferdigstillast. Ferdigstilling av uteområdet på Hafstad skal innarbeidast i økonomiplanen for 2026-20303. Halbrend skule blir oppgradert med SFO og uteområde tilpassa ein barneskule frå skulestart 2026, under føresetnad av at ungdomstrinna har flytta4. Ungdomstrinnet og barnetrinnet ved Vassenden skule blir samla til ein kombinert skule i barneskulebygget frå skulestart 20265. Elevråda og elevane må vere tett kopla på i den vidare prosessen og få høve til å kome med innspel. Det er viktig å sikre ein god og trygg overgang. Det forutset tidleg og klar informasjon til elevar, foreldre og tilsette om kva som skal skje6. Tiltaka blir finansiert innafor ramma på 270 millionar kroner som er sett av i økonomiplanen til skuleformål. Justeringar mellom tiltaka blir ein del av arbeidet med økonomiplanen for 2026-20307. Kommunedirektøren får fullmakt til å disponere midlar mellom tiltaka ved behov for justeringar. Formannsskapet og Utval for oppvekst og kultur skal haldast orientert om framgangen i prosessen i kvart møte. Formannsskapet skal haldast orientert om den økonomiske situasjonen for dei ulike tiltaka. Les meir om dei ulike prosjekta
Vi gratulerer Vassenden skule med eit nytt uteområde Etter ein periode med venting og bygging vart eit etterlengta uteområde på Vassenden skule offisielt opna av ordførar Jenny Følling, tysdag 16. juni.
Status flytteprosess for skulane Arbeidet med flytting til skulane; Halbrend barneskule, Førde ungdomsskule og Vassenden skule er i gong og i rute. Les litt om status for kvar av skul...
Høyring – Skulekrinsgrenser i Sunnfjord kommune Sunnfjord kommune har lagt fram framlegg til justerte skulekrinsgrenser, og dette vert no lagt ut på høyring. Vi ønskjer innspel frå innbyggarar og an...
Samlokalisering av Viksdalen skule og barnehage til nytt oppveksttun Kommunestyret vedtok i sak 17-25 punkt f ei utgreiing av eit oppveksttun på Viksdalen. Utgreiinga er no klar og saka skal til behandling i formannskap...
Byggestart ny ungdomsskule Arbeidet med å bygge om Hafstad vidaregåande skule til ny ungdomsskule har starta opp.
Status skuletiltak januar 2026 Formannskapet fekk 15. januar ei orientering om status i skuleprosjekta.
Framtidas skule i Sunnfjord kommune – oppfølging av vedtak Kommunestyret behandla 6. november ei samla sak om investering i skulebygg for Sande skule, ny ungdomsskule på Hafstad, Halbrend skule og arbeidet med ...
Planar for felles ungdomsskule på Hafstad I møte 3. oktober har formannskapet behandla sak Planar for felles ungdomsskule på Hafstad. Les meir om saka og sjå vedtak.
Førde ungdomsskule – ny ungdomsskule på Hafstad Ny ungdomsskule på Hafstad er under planlegging, med opning hausten 2026. Skulen får kapasitet til 550 elevar og moderne fasilitetar som legg til rett...