Status skuletiltak mai 2026

Formannskapet fekk 7. mai  ei orientering om status i skuleprosjekta.

Førde ungdomsskule – ny ungdomsskule på Hafstad

Framdrifta går etter planen​:

  • Måling ferdig i C-blokka​
  • Er i gang med skifte av golvbelegg​
  • Sette opp lettveggar​
  • Nye himlingar er stort sett kome på plass​
  • Arbeid med uteområde har kome i gang​
     

Gjennom prosessen har det vore behov for mindre justeringar:

  • Behov for fleire vaskar i spesialavdelinga​
  • Mindre byggjusteringar​
     

Prosjektet er per no innafor ramma. Vi reknar ikkje med større behov for endring når vi er kome så langt i prosessen.   

skulebygg - Klikk for stort bilete

 

Halbrend skule 1–7 og SFO

Framdrifta går som planlagt​

Uteområde er prosjektert og ligg ute på anbod med snarleg frist.​

Det er planlagt utbetring av uteområdet i sommarferien.​

Skulen har ønskje om å etablere eit toalett i tilknyting til SFO. Vi vurderer behovet opp mot den økonomiske råma for prosjektet 

 

Vassenden skule

Uteområdet er ferdigstilt og skal opne i juni.​

Det er i gang kartlegging behov for utbetring av nettverket ved skulen. Det var planlagt utbetra. SySIKT går gjennom status på nytt.  
Det vil bli utført nokre tiltak i prosessen:​

  • Måling av 3-4 klasserom​.
  • Flytte avtrekksskåp og montere desse i naturfagrommet.​
  • Oppgradere dør med elektronisk låssystem for utleige etter skuletid.​
  • Flytte kjøkken og elevkantine og gjenbruke desse.​
  • Flytte sykkelparkering frå ungdomsskulebygget til den samanslåtte skulen.
leikestativ - Klikk for stort bilete

 

Sande skule

Bygg går som planlagt​.

Høge skysskostnadar.​

Noko meir omfattande riving nokre plassar, men er handterbart innafor budsjett.​

Mellombels drift blir vurdert​.

Prosess med å vurdere bruk av Flatene skule.

skulebygg - Klikk for stort bilete

 

Flytteprosess

Det er ein omfattande prosess som krev god planlegging og logistikk.​

Rekkefølge:​

  • Halbrend til Førde ungdomsskule​
  • Flatene skule til Halbrend skule​
  • Førde ungdomsskule til nye Førde ungdomsskule​
  • Vassenden skule​


Klargjering fram til 19. juni​

Flytting av inventar og utstyr frå 22. juni​

Etablering og montering fram til 10. august.​

Sidan det er sommar og ferieavvikling må vi sikre nok kapasitet til å gjennomføre prosessen.

 

 

Les meir om kvalitet og kapaistet i Sunnfjordskulen 

Kontakt

Profilbilde av Åge Ansgar Stafsnes
Åge Ansgar Stafsnes
Kommunalsjef for skule
Telefon 57 02 12 18
Mobil 91 15 22 11