Kommunestyret har vedteke at ungdomstrinnet ved Halbrend skule blir slått saman med Førde ungdomsskule, til ein ny felles ungdomsskule i bygget til tidlegare Hafstad vgs.
Det har blitt arbeidd med optimalisering og kostnadsreduserande tiltak mot måltalet på 49 millionar kroner. I planløysinga er det gjort mindre endringar, men grunnprinsippa er ført vidare. Kalkyle etter prisreduksjon er på 40,5 millionar kroner.
Reduksjon av kostnader:
- Det er ikkje krav til overrislingsanlegg i bygget
- Reduksjon av EL installasjoner og armatur
- Himlingar blir ikkje skifta i alle rom
- kostnader på VVS
- Byggekostnadane er redusert ved å optimalisere planløysinga
- Noko mindre til uteområde, men vi kan arbeide for å kompensere dette med midlar til nærmiljøanlegg.
Kvalitetar ved ny felles ungdomsskule
- Store klasserom som grunnlag for fleksible arbeidsformer og inkluderande praksis.
- Praktisk arbeid og praktisk estetiske fag får gode fasilitetar
- Fellesareal for samlingar og ute/inne aktivitetar
- Ein tilpassa spesialpedagogisk avdeling til unge med særskilte behov
- Uformelle møteplassar i gangområde
- Ein planløysing i samsvar med framtidige skulebygg, med rom for fleksible arbeidsformer, møteplassar og arena for praktisk arbeid.