Organisering av kommunen

13. desember 2024 gav kommunestyret kommunedirektøren mandat til å starte arbeidet med å vurdere organiseringa av heile Sunnfjord kommune. 

Dette skjer no

Kunnskapsgrunnlag innsparing og omstilling

Presentert av Jan Flølo frå PwC i formannskapet 28. august

Sjå kunnskapsgrunnlag

Innspel til ny organisering

15. september 2025 gjekk høyringsfristen ut for framlegg til ny organisering. 

Sjå innspel til ny organisering 

Mål for arbeidet 

  • ha ei framtidsretta organisering av Sunnfjord kommune
  • etablere ein organisasjon som er tilpassa færre i yreksaktiv alder og lågare driftskostnadar 
  • Redusere dei samla driftskostnadane med inntil 30 millionar 
     

  Delmål 1: Organisering av kommunen

Tiltak: Vurdere alternativ organisering av leiargruppa, stabar og einingar. 
Frist: 1. juni 2025.

Status april 2025

  • Arbeider no med å hente inn informasjon og kartlegging internt: snakkar med kommunedirektøren, kommunalsjefane, einingsleiarane, tillitsvalde og hovudverneombod om: 
    • Korleis kan vi organisere oss basert på den erfaringa vi har med noverande organisasjon? 
    • Korleis kan vi organisere leiargruppa? 
    • Korleis kan vi organisere stabane? 
    • Korleis kan vi organisere einingane? 
  • Innhentar informasjon om ulike organisasjons- og driftsformer frå andre kommunar. 

 

  Delmål 2: Redusere løn-, drift- og felleskostnadar

Tiltak: Gjennomgang av driftskostnadar (løn- og tenestekostnadar) på kommunenivå. 
Frist: 1. april 2025.

Status april 2025

  • Alle sektorane arbeider med eigne innsparingstiltak. Vi har vurdert felles godtgjeringar som gjeld tilsette i heile kommunen og vurderer innsparingspotensialet der. 

 

  Delmål 3: Lågare bemanning i administrative stillingar

Tiltak: Kartlegge innsparingar og konsekvensar av at tilsette sluttar i administrative/stabsstillingar, og ikkje blir erstatta i perioden 2025–2032. 
Frist: 1. juni 2025.

Status april 2025

  • Alle sektorane arbeider med eigne innsparingstiltak. Vi vurderer felles godtgjeringar som gjeld tilsette i heile kommunen og vurderer innsparingspotensialet der. 

 

  Delmål 4: Arbeidsfellesskap 

Tiltak: Vurdere om det er tenester som kan bli løyste utandor kommunen eller i fellesskap med andre kommunar. Frist: 1. juni 2025.

Status april 2025

  • Ikkje starta opp.

Mandatet kommunestyret vedtok 13. desember 24

  • Legg opp til ein prosess med å sjå på kommunen si organisering med mål om å redusere dei samla driftskostnadane med inntil 30 mill. kroner.
  • Legg opp til ein prosess med å sjå på effektiv sakshandsaming, spesielt innan sjølvkostområdet, med mål om redusert avgifts- og gebyrnivå.
  • Arbeidet skal skje i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar og følgje avtaleverket sine reglar for slike tiltak.
  • Føremålet er å ta ned det kommunale driftsnivået slik at det blir balanse mellom inntekter og utgifter.
  • Arbeidet skal starte så snart som råd.
  • Arbeidet skal omfatte heile kommunen.
  • Kommunedirektøren får fullmakt til å engasjere ekstern bistand til arbeidet.
Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

Kontakt

Profilbilde av Ellen Jensen
Ellen Jensen
Konstituert Personalsjef
E-post