Berekraftige samfunnstenester 2028På denne sida vil du finne dokument og politisk behandling knytt til både omstilling og innsparing knytt til berekraftige samfunnstenester. Ytterlegare innsparing i samfunnstenesteSaka var behandla i kommunestyret 30. april 2026. Innsparing vart justert til 16 millionar kroner.Bakgrunn for desse ytterlegare innsparingane er at i samband med budsjett for 2026 gjorde kommunestyret følgjande vedtak i sak 112/25 «Kommunestyre bed kommunedirektøren legge opp til ein prosess der ein ser på dei administrative sektorane og einingane som så langt ikkje har vore omfatta av kvalitet og kapasitet, inkludert stab og støtte, med mål om å redusere driftskostnadane med inntil 30 mill. kr. innan utgangangen av 2027. Innsparinga kjem i tillegg til allereie foreslegne innsparingar, omstillingar og salderingar i desse sektorane. Kommunedirektøren legg fram ei sak om gjennomføring i samband med revidering av budsjettet.» Kommunedirektøren la 30. april fram rapport med kunnskapsgrunnlag og hypoteser for moglege tiltak. Nokre tiltak krev politiske vedtak, andre kan gjennomførast administrativt. Vedtak sak 038/26Innsparingsmålet i kommunestyresak 112/25 om ytterlegare innsparing på 30 mill. kr. for samfunnstenestene, vert justert til 16 mill. kr. Med effektuering 1. januar 2027. Vidare innsparing vert tatt stilling til på eit seinare tidspunkt. Rapporten syner at det er potensiale for innsparing i sektorane stab/støtte, kultur/idrett og teknisk/miljø. Det må jobbast vidare med å konkretisere aktuelle tiltak innanfor alle desse sektorane. Innsparingane skal fordelast med inntil 10 mill. på stab/støtte, 3 mill. på kultur/idrett og 3 mill. teknisk/miljø. Barn og unge bør skjermast så langt det lar seg gjere. Det skal rapporterast på framdrift/status for kvar sektor. Les heile saka med behandling og alle vedlegg Sist endra 11.06.2026 14.49