Bygge sjølv utan fagfolk

Kva byggearbeider kan du søke om sjølv?

Det finst nokre mindre byggearbeider som du kan søke om å bygge sjølv (søknad utan ansvarsrett). Det betyr at du kan bygge, endre eller rive utan at du treng å bruke snikkar, murar og andre fagpersonar.

Du kan sjølv velje om du vil ta ansvar for å søke, prosjektere og utføre desse byggearbeida. Det kan for eksempel vere å bygge garasje, bod, terasse, levegg, gjerde eller støttemur. Du er sjølv ansvarleg for at det som blir bygd er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter, arealplan og andre løyver. 

På denne sida vil du finne informasjon om å søke sjølv. Dersom du ikkje finn det du treng send gjerne ein e-post til oss på byggesak@sunnfjord.kommune.no