Slik sender du byggesøknad

Om du må søke, kan søke sjølv eller treng ein ansvarleg søkar for din byggesøknad, kjem an på kva du skal bygge, rive eller endre. 

Sjekk først om du må sende byggesøknad

På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:

Sjekk først om du må sende byggesøknad

Enkelt samandrag av kva søknad skal innehalde

For å handsame søknad treng vi følgjande:

For å nabovarsle kan du bruke eige skjema:

  • 5154 Nabovarsel
  • Teikningar og situasjonsplan må du og levere til naboen din

Du må søke om ferdigattest når du er ferdig å bygge:

Dersom du må søke om dispensasjon sjå Dispensasjon for korleis du skal gå fram. Du kan søke om dispensasjon samstundes som du søker om byggeløyve.

Slik søker du

1. Sjekk planar og reglar 

Før du startar eit byggearbeid må du sjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedomen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge.

Planar og reglar for din eigedom finn du via kommunekart

2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygge

Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit situasjonskart for å teikne inn kva du skal bygge. Sett inn avstand til eigedomsgrense og nærliggande bygg.

3. Bestill naboliste

Skal du gjere noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen må du varsle naboane dine først. Bestill naboliste frå tenestetorga eller via Ambita Infoland (profesjonelle søkarar). 

4. Send nabovarsel ut frå mottatt naboliste

Informasjon og skjema - nabovarsel for privatpersonar

5. Send inn søknad

Du kan sende byggesøknad via eDialog

Du kan også sende søknaden på e-post til oss men kan då maksimalt motta ei oversending på 40 MB.

Bruk digitale løysingar for å sende byggesøknad

Kva kostar det?

Prisane finn du i prislisa til Sunnfjord kommune.

Byggegebyr

Når får du svar på søknaden?

Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker. Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.

Hugs å sende ferdigattest etter at bygget er ferdig

Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest 

Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent eller mellombels bruksløyve er innvilga, at du har lov til å ta i bruk bygningen. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon. 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no