KlimaomstillingSmartare, tryggare og grønare. Klimaomstilling handlar ikkje berre om utsleppskutt, men også om samfunnsendring og korleis vi tilpassar oss til framtida. Redusere klimagassutsleppa med minst 40 % innan 2030 Dette er hovudmålet i Sunnfjord kommune sin klimaomstillingsplan for 2019-2030 . Saman med planen følgjer eit handlingsprogram med 31 tiltak som kommunen vil prioritere dei første åra. Sjå klimaomstillingsplanen Sjå handlingsprogram Klimafotavtrykket er det samla utsleppet vårt: Både direkte utslepp innanfor kommunegrensene, og utsleppa som følgje av at vi kjøper produkt som er laga og transportert frå andre stader, og frå reisene våre til inn- og utland. Jordbruk, vegtransport, bygg og anlegg er dei største kjeldene til direkte utslepp i Sunnfjord kommune. I kommunen si eiga verksemd er dei største utsleppa frå transport og innkjøp av varer og tenester til kommunale bygg og anlegg. Klimaprosjekt i Sunnfjord kommune Klimatilpassing Korleis kan vi tilpasse oss klimaendringar og auka naturfare? Les om klimatilpassing Mobilitetsstrategi Sunnfjord kommune vil etablere ein strategi for berekraftig transport. Folkehelse, by- og tettstadsutvikling og klimaomstilling er sentrale målsettingar. Strategien blir utarbeidd parallelt med kommuneplanen. Sjølvkøyrande buss i Førde Pilotruta på Ytre Øyrane blei gjennomført hausten 2021. Prosjektet vil bli avslutta med ein evalueringsrapport frå Skyss. Les om autonom buss i Førde Sirkulære Sunnfjord Innovasjon og verdiskaping med eit sirkulært tankesett innan varehandel, bygg og anlegg. Forsking- og utviklingsprosjekt i samarbeid med NORCE, Høgskulen på Vestlandet og Sunnfjord Utvikling. Les meir om prosjektet Eletriske tenestesyklar Det er kjøpt inn 12 el-syklar til bruk ved korte tenestereiser i kommunale einingar og andre offentlege institusjonar. Kommunen samarbeider mellom anna med Høgskulen på Vestlandet om bruk av syklane. Ladepunkt for el-bilar Dei siste åra har Sunnfjord kommune etablert 70 ladepunkt for kommunale og private bilar. Sist endra 18.02.2022 13.59