Klimatilpassing

Korleis kan vi tilpasse oss klimaendringar og auka naturfare?

Forventa endringar i klima for Sogn og fjordane frå perioden 1971-2000 til perioden 2071-2100

 

 

Les om forventa klimaendringar i vår region

Les om korleis vi kan tilpasse oss klimaendringar


Er det trygt der eg bur og ferdast?

Sunnfjord kommune jobbar kontinuerleg for at samfunnet skal vere så trygt som mogleg. Alle arealplanar og byggesaker blir vurdert med omsyn til naturfare og blir berre tillate dersom det er akseptabel risiko. Der vi manglar kunnskap om naturfare og risiko, stiller vi krav om kartlegging og førebyggjande tiltak.

Aktuelle lenkjer:

  • Varsom.no på internett og mobil-app gir deg varsel om auka fare for styrtregn, flaum, skred og ekstremvêr.
  • Naturskadeordninga  om du er råka av ei naturulukke. Statens naturskadeordning gir erstatning for skadar på objekt det ikkje er mogleg å forsikre gjennom vanleg privat forsikring.
  • NVE Atlas viser deg ulike naturfarar som er registert i eit område. Du kan til dømes søkje på adressa di, under ‘Info og søk’ i toppmenyen. Vel aktuelle tema under ‘Naturfare’ i venstremenyen. 

Flaum

Førde by, tettstadane Naustdal og Sande og Viksdalen sentrum er kartlagt for flaumfare. Andre stadar i kommunen er ikkje kartlagt i detalj, men alle vassdrag har ei aktsemdsone som seier noko om potensialet for flaum. I desse områda må ein ofte kartlegge meir for å seie noko om den verkelege faren.

Jord-, flaum- og sørpeskred

Tidlegare Førde og Jølster kommunar, og eit område på Sande er kartlagt for skredfare. Andre stadar i kommunen er ikkje kartlagt i detalj, men alle bratte fjellsider og hellingar har ei aktsemdsone som seier noko om potensialet for skred. I desse områda må ein ofte kartlegge meir for å seie noko om den verkelege faren.

Havnivå

Dalsfjorden og Førdefjorden er vurdert for både middelhøgvatn og stormflonivå i dag og i framtida.

Kvikkleire

 Eitt område ved Angedalsvegen i Førde er kartlagt for kvikkleire. Andre stadar i kommunen er ikkje kartlagt i detalj, men alle område under marin grense har potensiale for kvikkleire. I desse områda må ein ofte kartlegge meir for å seie noko om den verkelege faren.

Kontakt

Truls Hansen Folkestad
Rådgjevar klima og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 21
Mobil 92 65 81 66

Arbeider med klima og miljø.