Mobilitetsstrategi 2022-2025

Mobilitet handlar om å gjere det enklast mogleg for kvar person å forflytte seg. Frå der ein er til dit ein skal. Det handlar om tilgjengelegheit og at det skal vere enkelt å kombinere ulike transportformar. Berekraftig mobilitet er å gjere det enkelt for kvar person å forflytte seg på ein måte som er bra for helsa, reduserer klimafotavtrykket og bidreg til trivelege sentrum. Aktiv transport gjennom sykling og gange, og miljøvenlege løysingar for kollektivtransport og bil er viktige faktorar.

Hovudmål

  • Betre folkehelse gjennom aktiv transport
  • Mjuke trafikantar som premiss for berekraftig by- og tettstadutvikling
  • Klimavenlege og effektive transportformer

Strategiar for å nå måla

Strategien for klimavenleg og aktiv transport blei vedteken av kommunestyret i september 2022.

Neste steg er ein handlingsplan for tiltak som skal følgje opp strategien.

Mobilitetsstrategi vedteken 22.09.2022 (PDF, 851 kB)

Kontakt

Truls Hansen Folkestad
Rådgjevar klima og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 21
Mobil 92 65 81 66

Arbeider med klima og miljø.