Sirkulære Sunnfjord

Figur som viser at sirkulær handlar om at råvarene som blir brukt til nytt design kjem frå resirkulerte produkt - Klikk for stort bilete

Berre 2,4 % av norsk økonomi er sirkulær. Dette fører til overforbruk av ikkje fornybare ressursar. Sunnfjord kommune jobbar med å auke graden av ombruk av ressursane.

Stort potensial for meir ombruk

Kommunen har gjennomført eit forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med Sunnfjord Utvikling, NORCE og Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet skal bidra til å gjere Sunnfjord kommune meir berekraftig og sirkulær ved å identifisere verdikjeder som er eigna for sirkulær økonomi, og utvikle forretningsmodellar som vil generere arbeidsplassar og styrke verdiskapinga. Prosjektet vart gjennomført i tett dialog med lokale næringsaktørarar, særleg innanfor bygg og anlegg, varehandel og transport, gjennom intervjuar og verkstader. Hovudrapporten frå NORCE og 4 ulike studentoppgåver på master- og bachelornivå viser eit stort potensiale for verdiskaping innanfor sirkulær økonomi. Kunnskapsparken har og eit liknande prosjekt for grøn omstilling i byggjebransjen, som peikar på dei same potensiala og utfordringane. Det pågår og innovative prosjekt innanfor avløp og avfall i vår region som vil redusere ressursbruken og auke sirkulariteten

Sentrale utfordringar

Areal for mellomlagring utomhus og innandørs er ein nøkkelfaktor for auka ombruk av bygningsmaterialar, inventar og massar. Oslo, Bergen og Trondheim har komen langt med å etablere ressurssentralar og system for logistikk. Kommunane sit i førarsetet, i samarbeid med innovatørar, næringsutviklarar og -aktørar. Ei rekke bedrifter basert på ombruk innanfor ulike varekategoriar har etablert seg, særleg innanfor tekstilar, byggematerialar og inventar. Sunnfjord kommune kan ta ei aktiv rolle for å leggje til rette for tilsvarande verdiskaping i vår region. Etableringshjelp, arena for samarbeid og ledige areal er stikkord. Sunnfjord kommune er ein stor innkjøpar, og kan leggje til rette for grøn næringsutvikling gjennom ein anskaffingsstrategi som stiller dei rette krava til klima- og miljøvenlege løysingar ved innkjøp av varer og tenester.