Klimaomstilling

Smartare, tryggare og grønare. Klimaomstilling handlar ikkje berre om utsleppskutt, men også om samfunnsendring og korleis vi tilpassar oss til framtida.


Redusere klimagassutsleppa med minst 40 % innan 2030

Dette er hovudmålet i Sunnfjord kommune sin klimaomstillingsplan for 2019-2030 . Saman med planen følgjer eit handlingsprogram med 31 tiltak som kommunen vil prioritere dei første åra.

Sjå klimaomstillingsplanen Sjå klimabudsjett for 2024-2027 (PDF, 3 MB)

 

 

Bilde som viser Klimafotavtrykk av innbyggarane 286kt, Skog og annan arealbruk 157kt, direkte utslepp 107 kt og Kommunen som verksemd 22 kt..png - Klikk for stort bilete


Klimafotavtrykket er det samla utsleppet som følgje av forbruket vårt: Varer og tenester som vi kjøper, mat, energi, transport i inn- og utland, og innkjøp i kommunen og andre offentlege etatar.

Jordbruk, vegtransport, bygg og anlegg er dei største kjeldene til direkte utslepp i Sunnfjord kommune. I kommunen si eiga verksemd er dei største utsleppa frå transport og innkjøp av varer og tenester til kommunale bygg og anlegg.

Figuren nedanfor viser historiske utslepp i kommunen vår med mørkeblå linje. Den grøne linja viser kor mykje vi må redusere utsleppa for å nå kommunen sitt mål om 40 % mindre utslepp innan 2030. Den lyseblå linja viser at vi er eit godt stykke unna målet viss ikkje vi gjer meir for å redusere utsleppa.

 

Graf som viser direkte utslepp i  Sunnfjord kommune frå 2009 - 2030. - Klikk for stort bilete

  

 

Klimaprosjekt i Sunnfjord kommune

Klimatilpassing

Korleis kan vi tilpasse oss klimaendringar og auka naturfare? 

Les om klimatilpassing

  

Mobilitetsstrategi

Sunnfjord kommune har vedteken ein strategi for klima- og miljøvenleg transport. Hovudmåla er betre folkehelse, berekraftig by- og tettstadsutvikling og reduserte klimavenleg transport.

Mobilitetsstrategi-vedteken 22.09.2022.

  

Sirkulære Sunnfjord

Berre 2,4 % av norsk økonomi er sirkulær. Dette fører til overforbruk av ikkje fornybare ressursar. Sunnfjord kommune jobbar med å auke graden av ombruk av ressursane.

Les meir om prosjektet

Eletriske tenestesyklar

Kommunalt tilsette har tilgang til 13 el-syklar til tenestereiser og pendling.

Lenke til Sykkelbyen Førde.

 

Ladepunkt for el-bilar

Dei siste åra har Sunnfjord kommune etablert 70 ladepunkt for kommunale og private bilar.

 


 

  

Kontakt

Truls Hansen Folkestad
Rådgjevar klima og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 21
Mobil 92 65 81 66

Arbeider med klima og miljø.