Ledig stilling; dirigentstilling i 90-100%

Omtale av eininga: Sunnfjord kulturskule er ein velfungerande kulturskule med 470 elevar. Vi driv desentralisert undervisning i heile kommunen og har nytt flott kulturskulebygg i tilknyting til Førdehuset (Sunnfjord si storstove for kultur og idrett). Kulturskulen tilbyr desse faga; musikk, visuelle kunstfag, folkedans og teater. Skulen har 8 distriktsmusikarar i tillegg til 12 kulturskulelærarar. Vi er ein ettertrakta samarbeidspart for både det profesjonelle og frivillige kulturlivet.

Omtale av stillinga:

Dirigentstillinga består av direksjon i fire korps – to skulekorps (eit brass band og eit janitsjar) og to vaksenkorps (eit brass band og eit janitsjar). Dette er velfungerande korps som er godt administrert og som jobbar kontinuerleg med rekruttering.

I tillegg vert det instruksjon av elevar i grupper. Stillinga er på 90%, men kan aukast til 100% avhengig av tilleggskompetanse (som treblås, administrasjon). Tiltredelse per 1. august 2022.

Må krav til søkjar:

Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning med PPU
Må ha førarkort og disponere bil
Du må ha god kontakt med barn og unge
Du må ha gode samarbeidsevner
Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Bør krav til søkjar:

Du bør vere ein miljøskapar i korpset
Du bør like å bygge korps og jobbe med rekruttering
Den som søker bør i tillegg til dirigentkompetanse, ha kompetanse som messing- treblås- eller slagverklærar.

https://sunnfjord.easycruit.com/vacancy/2925813/143447?iso=nn