Om oss

Sunnfjord kulturskule
det kulturelle veksthuset

glede - oppleving - felleskap


Kulturskulen i Sunnfjord kommune er eit lovfesta, kommunalt tilbod.
Vi har sett oss som mål å vere ein "kulturskule for alle".
I løpet av eit kulturskuleår produserar vi eigne framsyningar, konsertar og utstillingar.
Vi har tett samarbeid med skule og barnehage om å skape gode oppvekstvilkår. I tillegg er vi ein viktig leverandør av tenester til frivillig og profesjonelt kulturliv.

Kulturskulen i Sunnfjord kommune starta i 1987.
I starten hadde med kun ein rektor. I 1988 vart det tilsett fire distriktsmusikarar og ein felelærar.
Sidan har kulturskulen vakse og vi har auka fagtilbodet og tal lærarar betydeleg.
No (per juni 2020) har Sunnfjord kulturskule 28 tilsette (av desse er 8 distriktsmusikarar) og vi underviser 480 elevar i heile Sunnfjord kommune (Bygstad, Førde, Naustdal, Sande, Skei og Vassenden).
Vi underviser i skapande skriving, dans, visuelle kunstfag, lydteknikk og musikk.

Rektorar gjennom åra:

Trond Eklund Johansen 1987 - 1996
Peter Galambos 1996 - 1997
Johann Bengtsson 1997 - 2010
Trude Skarvatun 2010 -  John Bernhard Rekstad

Kolbjørn Nesje Nybø Førdefestivalen - Jorun Marie Kvernberg Rypdal og Øyvind Sandum (2014) Arvid Anthun

Fram til oktober 2019 heldt kulturskulen til i Gamlebanken - eit flott trehus, med adresse Kyrkjevegen 9. Sentralt i Førde sentrum, mellom Coop Mega og Førde kyrkje. Gamlebanken vart bygt av Førde sparebank i 1901 og har tidlegare romma sparebanken, televerket, kommuneadministrasjonen, handelsskulen og gymnaset. 

Her kan du lese meir om husets historie.


Gamle kommunestyresalen vart renovert i 2003 og fekk namnet Haarklousalen til minne om Johannes Haarklou (1847-1925) - komponist, organist, dirigent, lærar og musikkskribent som vaks opp i Haukedalen i Førde kommune.

 

 

 

 

Sunnfjord kulturskule kollasj Anita Höllige 20. oktober 2019 flytta kulturskulen inn i nye lokaler som er knytt saman med Førdehuset og ligg mellom Førde ungdomsskule og Førdehuset.
Med eit slikt spesialtilpassa hus som base, er vi godt rusta til å tilby variert og morosam kulturopplæring i heile Sunnfjord kommune. 
Huset inneheld to konsertsalar/ensemblerom, lydstudio, øvingsrom til elevar og rikeleg med akustisk tilpassa undervisningsrom.


Den nye kulturskulen vart bygd av Åsen og Øvrelid og er teikna av arkitektkontoret Agraff i Trondheim. Du finn informasjon om byggeprosessen her: 
https://www.aasen-ovrelid.no/prosjekt/forde-kulturskule