Vi er Sunnfjord kulturskule:
Eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
Ein møteplass for å oppleve, skape og dele.
Målet vårt er å gje opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet.
Ein skule som bidrar til eleven si danning.
Eleven er:
• unik, utforskande og nyfiken
• fødd med draumar og kreativitet, som kan utviklast gjennom opplæring
• venleg og høfleg
Føresette er:
• engasjerte og positive støttespelarar
• svært viktige for motivasjonen og læringsutbyttet til eleven
• læraren sin dialogpartnar
Vi er lærarar som:
• viser tillit, venlegheit og respekt
• er tydelege og trygge
• viser kjærleik til kunsten og faga våre
• legg vekt på god kunstnarleg kvalitet
• driv pedagogisk utviklingsarbeid
• er godt førebudde til undervisninga
Vi vil:
• skape trygge rammer for eleven
• ta utgangspunkt i det som bur i kvar elev
• vere inspirerande og inkluderande
• forvalte rike tradisjonar, samt vere opne og nyskapande
• at elevane våre skal få lære, oppleve, skape og formidle kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre