Vi held fram med konsertserien Lyarscena - 4 nye konsertar våren 2021!

Etter ein suksessrik første runde med 4 konsertar hausten 2020 er vi no glade for å kunne invitere deg til å  bli med på fortsetjinga!
Det blir  4 ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.

Kva med å gje ein intim konsertkveld som bursdagsgåve? Eller kan det passe å invitere kollegaene til ei fin fellesoppleving?

Vi er svært nøgde med korleis vi klarte å glede publikummet vårt med eit variert og  spanande musikkutval trass for strenge smittevernreglar. 

Den nye kulturskulen har to av regionens beste konsertsalar, som ropar på å bli tatt i bruk! Det seier rektor Trude Skarvatun, som er stolt over å kunne presentere ei mangefasettert konsertscene for Sunnfjords innbyggjarar. 

Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.  

Førde er ein aktiv kulturby, og når det vert satsa stort på kulturskulen synst vi det er stas å kunne gje noko ekstra tilbake til innbyggjarane. Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte».

Konsertdagar:

4. mars: Changing Years - Sounds of a century, Jacob Wyrtz, gitar 

18. mars:  Operaperler, Christine Marøy og Eivind Kandal, song, Julia Gåsvær, trompet  og Noemi Utasi, piano 

27. mai:  Tonar frå Sunnfjord, Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo, pian

3. juni:   I det grønaste graset, Helga Lied Wyrtz, fløyter og Thomas Aanonlie, slagverk 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no
Billettpris:
150 kr for vaksne
50 kr for born
 0 kr for kulturskuleelevar

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)