Kunnskap om folkehelse får vi gjennom oversikt over innbyggarane si helse og kva faktorar som påverkar oss. Det er lov om folkehelsearbeid, folkehelselova, som viser retning for arbeidet til kommunen.
Folkehelseprofilen 2023
Bumiljø og folkehelse er tema for 2023 og presenterer funn innan helsefremjande og førebyggande arbeid avgrensa til data som er tilgjengeleg på kommunenivå.
Einslege
Samanlikna med landssnittet ligg vi høgt på fleire av målepunkta. Det betyr ikkje at det framleis
Kan vere utfordringar vi må vere obs på. Vi har mellom anna ein låg andel einslege i aldersgruppa over 45 år, men vi veit også at skilte eldre menn er dei som lever kortast samanlikna med skilte eldre kvinner.
Barn i fattigdom
Vi har ein låg andel barn i hushald med vedvarande låginntekt samanlikna med landsnivået, men samtidig veit vi at det er ca 300 born i Sunnfjord som lever i fattigdom. Låg hushaldsinntekt er den gjennomsnittlege inntekta i ein treårsperiode tilsvarande under 60 % av median husinntekt i Noreg.
Gjennomsnittslønn 2022 i Norge: 53 150 kr. Medianlønn: 47 755 kr (SSB)
Dette er noko av årsaka til at vi lagar eigen strategi mot barnefattigdom, og har sett i verk tiltak for at alle barn, uavhengig av kva foreldra tener, skal få moglegheit til å vere med på aktivitetar, idrett osv. Vi er avhengig av å nå ut til alle på ein god måte.
Du kan lese meir om
Lokalmiljø
Nærmiljøkvalitetar har innverknad på helse og livskvalitet. Ungdomsskuleelevar seier dei har høg tilfredsheit med livet, og at dei er nøgde med lokalmiljø. Samanlikna med landsnivået ligg Sunnfjord høgt. I arbeidet med folkehelse må vi også ha lokalkunnskap. Sjølv om fleirtalet trivast og har det bra, er det elevar som har alvorleg skulefråvær på ungdomsskulen. Dette har blitt til eige fireårigprosjekt i Sunnfjord som skal munne ut i betre kompetanse og samhandling i mellom alla partar, intertn i kommunen, mellom kommunen og foreldre.
Sunnfjord legg til rett for eigna bustader og helsefremmande bumiljø gjennom kommunen sin arealplan. Det er no høyring på denne og viktig at alle innbyggarane seier korleis dei vil ha det.
Oppvekstprofil 2022 (PDF, 2 MB)
Folkehelseprofil 2023 (PDF, 2 MB)
Folkehelseundersøking i Vestland 2022
Folkehelseundersøkinga Vestland viser sentrale register og oversikt frå eigne tenester og undersøkingar. Den skal bidra til å gje oversikt, lage tiltak og fokusområdet for arbeid med folkehelse. Kunnskapsgrunnlaget skal vere med å forbetre jobben, samt lage ein strategi for folkehelse for Sunnfjord kommune.
Nokre funn frå undersøkinga i Vestland våren 2022
- 85 % av dei som deltok er fornøgde med livet
- 70 % seier at helsa er god eller svært god
- 11 % opplever einsemd
- 73 % trivast godt eller svært godt i nærmiljøet
Konklusjonen kan vere at vi i Vestland har relativt god folkehelse og at det er mange som tek ansvar for eigen helse. Kommunane må likevel ta ansvar for å legge til rette for alle for å ta gode val. Tiltak innan folkehelsearbeid må vere enkelt og trenger ikkje alltid vere synleg for innbyggarane.
Undersøkinga viser at vi i Vestland har framtidsoptimisme. Vi er fornøgde med livet.
Resultata er viktige i arbeidet for å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø. Korleis står det til med helse, trivsel og livskvalitet blant innbyggarane i Vestland – sånn eigentleg? Her finn du ei kort oppsummering av dei viktigaste funna for Vestland. På sikt vil vi forsøke å publisere tal for Sunnfjord.
Undersøkinga var digital og sendt til ca. 170 000 vaksne over 18 år gjennom e-post / SMS. Svarprosenten var litt over 31 %. Av desse var fleirtalet kvinner. Snittalder på respondentane var 52 år. Personar med høgare utdanning var overrepresentert, medan yngre menn og eldre kvinner over 80 år var underrepresentert.
Det var ein omfattande undersøking som skulle bidra til å få oversikt over helsetilstand og kva faktorar som kan påverke helsa. Fleirtalet av vestlendingane svarar at dei har god helse, at dei trivast og er fornøgde med livet.
Vi ser av tala at utdanningsnivået har innverknad på opplevd helse. Til dømes: korsryggsmerter går ned etter utdanningsnivå. Den same trenden ser vi ved søvnvanskar som minkar etter utdanningsnivå. Trivselen stiger med utdanningsnivå.
Mykje har skjedd i verda dei siste 2 åra med koronaepidemi, smitteverntiltak og krig i Ukraina for å nemne noko. Det har vore bekymring for parallellepidemi med psykisk uhelse. I denne folkehelseundersøkinga, og andre datainnsamlingar som er gjort under korona, ser det ut til å stemme at den psykiske helsa, einsemda og livskvaliteten blant vaksne i Vestland er forverra i denne perioden, men blir meir normalisert etter oppheving av smitteverntiltaka. Unge er likevel ein utsett gruppe som scorar dårleg under nedstenginga, og har ein mindre betring etter epidemien.
Det same gjeld opplevd einsemd. Blant dei unge er det 1 av 4 som opplever einsemd. Vidare er trenden at dei føler dette fordi dei ikkje har nokon å vere saman med. Dette har betre seg noko etter opninga, mens eldre over 70 år framleis opplever einsemd.
Undersøkinga har spurt om kosthald og mellom anna inntak av grønsaker . 48% seier det et grønsaker dageleg. Vidare viser tala at innbyggarane i tidlegare Sogn og Fjordane et mindre grønsaker enn innbyggarane i Bergen. Kvinner er betre enn menn til å ete grønsakar og høgare utdanning og høgare alder viser også teikn til betre kosthald.
- Bergen 45,1%
- Sogn og fjordane 41,5%
83% svarar at dei er aktive minst ein gong per veke, medan 17 % svarer at dei er aktive under 1 dag per veke og kan kanskje definerast som inaktive? Innbyggarar med høgast utdanning sitter mest stille.
Det var vidare spurt om kva om kunne vere treningsbarriere for innbyggarane. Svar som manglande tid, vil bruke tid på andre ting, orkar ikkje og nokon meiner dei trenger nok.
Saman skal vi skape gode kvardagsliv for deg som innbyggar.