BUA - utstyrssentral i Sunnfjord kommuneOver heile landet er det utstyrsordningar der du kan låne gratis utstyr til sport og friluftsliv. Utstyret er i hovudsak kjøpt inn nytt, men noko har vi fått brukt. Opningstider: Tysdag: 12–15 Torsdag: 14–17 Veke 28 har vi berre ope tysdag 12–15 Veke 29,30 og 31 har vi ope måndag, onsdag og torsdag 17–20 Veke 32; tysdag 12-15 og torsdag kl. 14-17 Mål med utstyrsordningane Å gje fleire moglegheit til å være fysisk aktive og teste fleire ulike aktivitetar, utan å vere avhengig av å kjøpe sjølv. Bidra til betre folkehelse, færre ulikskapar og mindre forbruk. Du kan etter kvart finne utstyrsordninga BUA på Prestebøen 8, ved sidan av Førdehuset. Innan våren vil de kunne låne utstyr gratis via nettsida. Det blir mogleg å få utstyr utkøyrt til bygdene i Sunnfjord kommune. Les meir om utstyrssentralen BUA Registrer deg i utlånssystemet Alle som ynskjer å låne utstyr må registrere seg i utlånssystemet med namn, telefonnummer og e-post. Fint om du gjer dette før du kjem. Lag din eigen låneprofil Her kan du låne fritidsutstyr Besøksadresse: Prestebøen 8, 6800 Førde, (ved sida av Førdehuset) E-post: buasunnfjord@sunnfjord.kommune.no Telefonnummer: 45 97 39 34 Vi har drop-in ordning. Kom innom i våre opningstider og lån utstyr. Du kan ikkje bestille eller reservere utstyr. Utstyr til utlån: tursekkar, sitjeunderlag telt, lavvo, liggerunderlag, lakenposar, soveposar fiskestenger syklar, sparkesyklar, trikssyklar kano, SUP rattkjelkar, rumpeakebrett felleski, fjellski, slalomski, snowboard, hjelm truger, pulk til barn bålpanne, kaffikjel, stormkjøkken skateboard, hjelm, verne-utstyr volleyball, fotball, fotballmål, badminton ... og mykje meir! Det er også mogeleg å låne/ leige fritidsutstyr hjå Sogn og fjordane turlag v/kontaktperson Hanne Bruaas 482366115/ sft@dnt.no Indre Sunnfjord Turlag har breutstyr og anna alpint utstyr, for meir info kontakt: indresunnfjord@dnt.no Randonee skia til Sogn og Fjordane turlag er hos Midtre Nordfjord Turlag, Vik Turlag og Luster Turlag. Noko kostnad kan påreknast. Ring på førehand. Sist endra 22.07.2022 08.11