Om prosjektet: Førebygging av langtidsfråvær i grunnskulen

Illustrasjon av luftballong med barn - Klikk for stort bilete Idehen

Prosjektet varer i fire år, og har som hovudmål å førebygge langtidsfråvær i grunnskulen.

Bakgrunn for prosjektet er kartleggingar som viser:

  • Auke i talet elevar med alvorleg skulefråvær.
  • Fråværssaker er systematisk krevjande.
  • Variasjonar i kva grad oppfølginga er god nok.
  • Langvarige fråværssaker får negative konsekvensar for eiga helse, familieliv og fritid.
  • Oppleving av manglande systematikk, fagleg kompetanse og samordning mellom einingar

I prosjektet har vi fire overordna mål:  

  1. førebygge fråvær.
  2. auka kvalitet i samhandling.
  3. fremje medverknad.
  4. bringe fram og skape ny kunnskap


Effektmål – det vi ønsker skal opplevast i praksis etter at prosjektet er ferdig, bygger på dei overordna måla: 

  • Færre elevar utviklar alvorleg skulefråvær i ungdomssskulen
  • Færre føresette opplever redusert livskvalitet som resultat av uro og manglande oppfølging av ungdommen
  • Samarbeidet skule, BUP, Helsestasjon og PPt har klare rutiner og hjelpa kjem fortare.

Resultatmål – dei praktiske tiltaka vi vil skal vere på plass når prosjektet er ferdig 

  • Reduksjon i antal elevar med alvorleg skulefråvær
  • Skulane rapporterer ei oppleving av å ha tilgang på naudsynt kompetanse, og at ein lettare får oversikt over relevante faktorar knytt til utvikling av fråværsproblematikk
  • Unge og føresette opplever større rom for medverknad, samt meir heilskapleg oppfølging frå hjelpetenesta enn i dag

Gjennomføring av prosjektet: 

Prosjektet er delt i 3 fasar og går over fire år:

  • Fase 1: Reell medverknad frå elevar og føresette, innhenting av informasjon og kunnskap, utarbeide tiltak.
  • Fase 2: Prøving av tiltak utarbeidde på bakgrunn av fase 1.
  • Fase 3: Evaluering av tiltak, utvikling av  endrings- og samarbeidskompetanse, oppretthalde av kvalitet i arbeidet

Avgrensing:    

Prosjektet handlar ikkje om å løyse saker på individnivå, men kunnskap som kjem fram i prosessen kan nyttast i pågåande individsaker.

Gjennomføring:    

Prosjektleiar, prosjektgruppe og arbeidsgruppe skal samarbeide om innhenting av data for å drive prosjektet vidare, og legge eit kunnskapsbaset grunnlag for utviklingsarbeid på systemnivå.
Det kan i periodar/enkelthøve hentast inn andre/eksterne ressursar for å sikre rett kompetanse i ulike prosessar – dette vert avklara med prosjekteigar i prosessen.
 

Fleire barn - Klikk for stort bilete Gregory Idehen

Kontakt

Cecilie Eikefjord Udberg-Helle
Prosjektleiar skulefråvær
E-post
Telefon 57 72 60 56