Folkehelse

Du og eg har ansvar for eiga helse. Kommunen har ansvar for å  legge til rette for dei gode vala, både direkte og indirekte. 

Folkehelseoversikt for Sunnfjord kommune 

Tre ungdomar. Foto: M365 - Klikk for stort bilete

Folkehelseutfordringar i Sunnfjord kommune:

  • sosial ulikskap i helse
  • demografiske endringar
  • psykiskhelse og livskvalitet
  • klimaendringar
  • migrasjon

Felles for alle er at vi vi treng auka kompetanse. Vi må planlegge og førebygge for å møte desse på best mogleg vis.

Kunnskap om folkehelse får vi gjennom oversikt over innbyggarane si helse og kva faktorar som påverkar oss. Det er lov om folkehelsearbeid, folkehelselova, som viser retning for arbeidet til kommunen.

personar på fjelltur Foto: David Zadig - Klikk for stort bilete

Hovedpunkt frå Folkehelseprofilen 2024 

 Fokus 2024: Eldre sin helse.

  • Indikatorar: Tilpassa helsefremjande tiltak basert på tilgjengelege lokale data.

Indikatorane bør tolkast i lys av lokale forhold. I Sunnfjord blir vi fleire eldre. Dette må vi ha kompetanse om, planlegge for og ha tiltak som bidreg til førebygging av eldre sin helse. Ein målsetting er til dømes å legge til rette for eit aldersvennleg samfunn.

Folkehelseprofil 2024 (PDF, 2 MB)

Barn og voksen ute. Foto: Pexels - Klikk for stort bilete

Befolkning

  • Unge eldre (65-79 år): Tilsvarande landsnivået. Sjå side 4 for data over 80 år.
  • 75 år og eldre: Færre bur aleine enn på landsbasis.

Oppvekst og levekår

  • Låg inntekt: Færre i vedvarande låg inntekt enn landsgjennomsnittet.
  • Høg gjeld: Færre hushald med høg gjeld enn landsnivået.

Miljø og tryggleik

  • Tryggleik om kvelden: Fleire ungdomsskuleelevar føler seg trygge lokalt om kvelden enn på landsbasis.

Helserelatert atferd

  • Fysisk aktivitet: Færre 17-åringar trener sjeldnare enn éin gong i veka enn gjennomsnittet.

Helsetilstand

  • Levealder og utdanning: Ingen signifikante forskjellar i levealder basert på utdanningsnivå samanlikna med landsnivået.

 

Friluftslivets år 2025

2025 er Friluftslivets år og vi i Sunnfjord kommune i samarbeid DNT Sogn og Fjordane er med å markere året. 

Les meir om friluftslivets år 2025 og aktivitetar 

Oppvekstprofil

Oppvekstprofilen viser nokre av styrkane og
utfordringane til kommunen, og kan bli brukt i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.

Ungdata 2024

Ungdata er lokale barn- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei gjer på fritida.

Ungdata gjev informasjon om korleis barn og unge opplever liva sine. Dette gjev kommunen viktig kunnskap som grunnlag for tverrsektorielt utviklingsarbeid.

Rapportar

 

6. november inviterer vi til Ungdata seminar!

Les meir om Ungdata seminaret

Ungjente med skrivebok. Foto Pexels - Klikk for stort bilete

 

Folkehelseundersøking i Vestland 2022

 

Saman skal vi skape gode kvardagsliv for deg som innbyggar.  

Oppvekstprofil 2022 (PDF, 2 MB)

Kontakt

Catrine Vagstad
Rådgjevar folkehelse og plan
E-post
Telefon 57 61 25 99

Saman skapar vi gode kvardagsliv