Folkehelse

Du og eg har ansvar for eiga helse. Kommunen har ansvar for å  legge til rette for dei gode vala, både direkte og indirekte. 

Folkehelseoversikt for Sunnfjord kommune 

Tre ungdomar. Foto: M365 - Klikk for stort bilete

Folkehelseutfordringar i Sunnfjord kommune:

  • sosial ulikskap i helse
  • demografiske endringar
  • psykiskhelse og livskvalitet
  • klimaendringar
  • migrasjon

Felles for alle er at vi vi treng auka kompetanse. Vi må planlegge og førebygge for å møte desse på best mogleg vis.

Kunnskap om folkehelse får vi gjennom oversikt over innbyggarane si helse og kva faktorar som påverkar oss. Det er lov om folkehelsearbeid, folkehelselova, som viser retning for arbeidet til kommunen.

personar på fjelltur Foto: David Zadig - Klikk for stort bilete

Folkehelseprofilen 2026

 

Barn og voksen ute. Foto: Pexels - Klikk for stort bilete

    Sjå folkehelseprofilen (PDF, 3 MB)
 

 

Oppvekstprofil

Oppvekstprofilen viser nokre av styrkane og
utfordringane til kommunen, og kan bli brukt i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.

Ungdata 2027

På nyåret skal Sunnfjord kommune gjennomføre Ungdata, den nasjonale undersøkinga som kartlegg korleis barn og unge har det i kvardagen. 

Elevane svarar anonymt på spørsmål om mellom anna trivsel, helse, fritid, skule og sosiale forhold. Resultata gir kommunen viktig kunnskap som kan nyttast i arbeidet med oppvekst, folkehelse og gode tenester for barn og unge. 

Meir informasjon til elevar og føresette kjem før undersøkinga blir gjennomført.

Rapportar frå Ungdata 2024

Ungjente med skrivebok. Foto Pexels - Klikk for stort bilete

Kontakt

Catrine Vagstad
Rådgjevar folkehelse og plan
Telefon 57 61 26 66

Saman skapar vi gode kvardagsliv