Alvorleg økonomisk situasjon krev justering av kurs

Sunnfjord kommune var på topp ti av kommunar med negativt resultat i 2024. Sjølv om  vi held fram etter planlagt innsparingsplan, så vil vi truleg vere på ROBEK våren 2028.  Vi må no endre kurs omgåande for å unngå dette.

Ny kurs

  • pil mot venstre - Klikk for stort bilete

    Framskunde innsparingar
    tiltak må ha full effekt frå seinast 1. januar 2027

  • pil mot høgre - Klikk for stort bilete

    Utsette omorganisering
    ny organisering frå 1. januar 2028

 

Prioritering

  • Vi prioriterer økonomiske omstilling og deretter organisatorisk omstilling. Vi klarar ikkje å gjere begge deler samtidig.

    Det kan vere aktuelt å gjennomføre delvis organisatoriske endringar tidlegare dersom desse gir økonomisk innsparing. Det vil seie at vi ikkje skjermar nokon frå å bli ramma av nedbemanning.

  •  

    Illustrasjon av videomøte Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

 

Innsparingar

  • Ambisjonsnivå for innsparing er uendra. Den er på totalt 121 millionar kroner + meirforbruk. Fordeling mellom sektorar er også uendra. Verknad frå 2028 er framskunda til 2027.

    70 % av kostnadane til kommunen er løn. For å nå mål om innsparing omfattar derfor innsparinga  ei nedbemanning på 100 stillingar.

 

 

Kvifor må vi gjere så store endringar no?

 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66