Temaplanar for kultur, idrett og frivilligheitEin temaplan er ein administrativ plan om eit spesifikt tema eller fagområde. Temaplanen skal bygge vidare på mål og strategiar i kommuneplanen. Kulturminneplan i dei fire tidlegare kommunane Tidlegare Jølster og Gaular kommune hadde ikkje temaplan for kulturminne. Desse blei derfor laga i Sunnfjord kommune slik at alle dei fire geografiske områda er dekka. Ny samla plan for Sunnfjord kommune er under arbeid. Kulturminneplanen for Førde kommune 2018–2030 (PDF, 15 MB) Kulturminneplan for Naustdal 2017-2020 (PDF, 5 MB) Kulturminneplan for Gaular kommune 2021-2023 Kulturminneplan for Jølster kommune 2021-2023 Kulturmiljøplan for Sunnfjord kommune Denne planen er under arbeid, og det er planlagt behandling i kommunestyret i 2023. 8. februar 2023 handsama Utval for samfunn, kultur og næring kulturmiljøplan for Sunnfjord, og vedtok å legge den ut på høyring. Planen bygger på vedtekne kulturminneplanar for Gaular, Jølster, Naustdal og Førde. Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Rullering av kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Strategi for utvikling av Førdehuset Førdehuset fyller 50 år i 2026, og delar av huset treng ei oppgradering. I tillegg er det ønskjer frå fleire av dagens brukarar om å utvikle og utvide eigne aktivitetar og lokalitetar, i tråd med dagens standard og krav/ønskjer frå publikum. Strategi for utvikling av Førdehuset (PDF, 329 kB) Handsaming i kommunestyret 17. juni 2022 Les rapport mulegheitsstudie Førdehuset 2021 (PDF, 8 MB) Les meir om forprosjektet til Førdehuset Plan for kultur, frivilligheit og inkludering Sunnfjord kommune skal lage plan for kultur, frivilligheit og inkludering 2023–2030. Plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv blir integrert i denne planen. Vi vil konkretisere kvar vi skal vere i 2030 og korleis vi vil nå måla. Prosjektgruppa er tverrfagleg og består av representantar frå kulturliv, frivilligheit og integrering i Sunnfjord kommune, og vi vil invitere innbyggarane til å gje innspel til planen. Målet er : Politisk utleggingsvedtak i Utval for samfunn, kultur og næring 13. september 2023 Høyringsperiode 13. september – 25. oktober 2023 Politisk handsaming i kommunestyret første møte i 2024 Les og om kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som er ein del av plan for kultur, friviiligheit og inkludering. Har du spørsmål? Du kan kontakte Hilde Bjørkum eller Catrine Vagstad om det er noko du lurer på Hilde Bjørkum, kommunalsjef kultur og idrett E- post: Hilde.bjorkum@sunnfjord.kommune.no Telefon: 57 61 27 07 Catrine Vagstad, rådgjevar folkehelse og plan E-post: Catrine.vagstad@sunnfjord.kommune.no Telefon: 57 61 25 99 Sist endra 30.05.2023 09.47